Kommunal- og regionalminister Magnhild Meltveit Kleppa gir 500 000 kroner til aktivitetar knytt til lysdesign i Notodden og Telemark.

”Vinterlys i Telemark” vil samle lysdesignarar frå heile verda til workshop, konferanse og utstilling. Bygningar og område i Notodden skal lyssetjast på ein ny måte.

- Prosjektet er nyskapande og har fleire spanande element i seg. Profesjonelle aktørar frå heile verda kjem saman med ungdom med interesse for elektronikk og lysdesign. Lyssettinga i Notodden sentrum kan også medverke til å setje Notodden på kartet, seier statsråden.

”Vinterlys i Telemark” vart for fyrste gong prøvd ut i 2009. Prosjekteigar Notodden kommune, trekkjer i søknaden fram at ” … utendørs lysdesign har stor påvirkning på hvordan byer, bygninger og steders omgivelser oppleves. God lysdesign kan for eksempel skape stolthet og ny interesse for lokalmiljøet”.

Sidan 2006 har Kommunal- og regionaldepartementet brukt om lag 60 millionar kronar på satsinga kulturbasert næringsutvikling og kulturbasert stadutvikling. Departementet har støtta blant anna 25 ulike pilotprosjekt. Til felles for prosjekta er at dei skal utvikle lokalsamfunna dei bur i gjennom kultur.

- Eit mål med denne satsinga er å få unge til å etablera seg i Distrikts-Noreg. Derfor er det positivt at dette prosjektet inkluderer elevar, lærlingar og studentar og såleis skapar ei kopling mellom profesjonelle miljø og unge, seier Kleppa.

Til saman åtte prosjekt får hausten 2009 støtte til å drive nybrotsarbeid innan kulturbasert stadutvikling og kulturbasert næringsutvikling.

- Prosjekta vi har valt ut representerer ei nytenking som har nasjonal interesse og vesentlig overføringsverdi for andre kulturaktørar, seier statsråden.

Kommunal- og regionaldepartementet sin pressetelefon: 22 24 25 00.