Historisk arkiv

548 millionar kroner til regional næringsutvikling

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Kommunal- og regionaldepartementet

(Korrigert versjon)

Regjeringa gir 548,6 millionar kroner til fylkeskommunar med kommunar som har fått auka arbeidsgjevaravgift i høve til nivået før 2004.

Regjeringa gir 548,6 millionar kroner til fylkeskommunar med kommunar som har fått auka arbeidsgjevaravgift i høve til nivået før 2004.

Ordninga med ulik arbeidsgjevaravgift vart stansa i 2004 etter krav frå ESA (EUs overvakningsorgan), fordi den vart oppfatta som diskriminerande. I 2007 fekk denne regjeringa godkjend gjeninnføring av ordninga, men med endringar - nokre distrikt fekk høgare arbeidsgjevaravgift enn før 2004. Dette lova regjeringa å kompensera for.

Regjeringa har lagt vekt på å føra attende midlane til desse områda på best mogleg måte.

 -Eg er kjend med at det sidan ordninga vart innført i 2004 har vore eit tett samarbeid mellom fylkeskommunane og næringslivet, noko som er særleg viktig i dette arbeidet, seier kommunal- og regionalminister Magnhild Meltveit Kleppa. Desse midlane skal bidra til utvikling av næringslivet og gje arbeidsplassar i desse fylka.

Kommunal- og regionalministeren viser og til ei evaluering av NIBR som såg på effektane av korleis fylkeskommunane nyttar dei regionale midlane som staten overfører kvart år.

 - Denne evalueringa syner at fylkeskommunane gjer eit viktig arbeid innan distrikts- og regionalpolitikken. Dei fylgjer lojalt opp måla til regjeringa og utnyttar regional kunnskap til beste for fylka sine, seier Kleppa.

 

Næringsretta utviklingstiltak,
kompensasjonsmidlar 2009
(i millionar kroner)

Hedmark

11,6

Oppland

4,5

Buskerud

2,4

Telemark

3,2

Aust-Agder

2,8

Vest-Agder

2,8

Rogaland

9,2

Hordaland

42,6

Sogn og Fjordane

33,3

Møre og Romsdal

72,3

Sør-Trøndelag

11,8

Nord-Trøndelag

1,1

Nordland

151,1

Troms

199,9

I alt

548,6

Kommunal- og regionaldepartementets pressetelefon: 22 24 25 00.