600 000 kroner til kulturbasert næringsutvikling på Sørlandet og i Nord-Noreg
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II
Utgjevar: Kommunal- og regionaldepartementet
Pressemelding | Dato: 10.03.2009
Kommunal- og regionalminister Magnhild Meltveit Kleppa gir 600 000 kroner til ”Platform Pilot”, Sørlandet kunnskapsparks internasjonaliseringsprogram for kulturnæringene.
Kommunal- og regionalminister Magnhild Meltveit Kleppa gir 600 000 kroner til ”Platform Pilot”, Sørlandet kunnskapsparks internasjonaliseringsprogram for kulturnæringene. Prosjektet har som siktemål å utvikla nettverk innanlands og utanlands for å auka kjennskapen rundt festivalar som drivarar for næringsutvikling og stadutvikling.
- Ved å skapa dialog og utveksla erfaringar mellom ulike aktørar interregionalt kan vi auka kvaliteten på festivalane. Gode opplevingar knytt til musikk og kultur betyr mykje for folk, uansett kor i landet ein bur. Eg har store forventningar til dette pilotprosjektet, seier Kleppa.
Prosjekteigarar er Sørlandet kunnskapspark, Tvibit v/Yoghurt kulturinkubator i Troms og Helgeland kulturinkubator i Nordland. I søknaden sin skriv dei: ”Prosjektet skal bidra til at regionale aktørar som arbeider med eller i festivalbransjen bygger opp brede nettverk som strekker seg ut over regionale og nasjonale grenser. Ved å samle aktører langs en bred verdikjede, ønsker vi å skape en helhetlig forståelse for utfordringer og løsninger innen kulturnæringane.”
-Festivalar er viktige arrangement som set mindre stadar på kartet. Prosjektet legg stor vekt på nettverksdanningar innanlands og utanlands, og det er gjennom breitt samarbeid ein ofte oppnår gode resultat, seier Kleppa.
Pilotprosjektet inngår i ei større nasjonal satsing. Kommunal- og regionaldepartementet har satt kulturbasert stadutvikling på dagsorden som ein naturleg del av ein heilskapleg distrikts- og regionalpolitikk.
Kommunal- og regionaldepartementets pressetelefon: 22 24 25 00.