Historisk arkiv

Meir velferdstenester også i 2010

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Kommunal- og regionaldepartementet

Økonomien i kommunesektoren vil betre seg i 2009, medan budsjettopplegget for 2010 legg til rette både for meir tenester og for ei konsolidering av økonomien. Det meiner Teknisk berekningsutval for kommunal og fylkeskommunal økonomi (TBU).

Økonomien i kommunesektoren vil betre seg i 2009, medan budsjettopplegget for 2010 legg til rette både for meir tenester og for ei konsolidering av økonomien. Det meiner Teknisk berekningsutval for kommunal og fylkeskommunal økonomi (TBU).

Utvalet la i dag fram sin rapport for hausten 2009. Utvalet venter at netto driftsresultat i år vil ende på om lag 2½  prosent av inntektene. Dette er klart høgare enn i 2008. Styrkinga skuldast ein kombinasjon av høg inntektsvekst og moderat vekst i sysselsetjing og driftsutgifter, saman med lågare rentenivå og oppgang i finansmarknadene.

- 2008 var eit spesielt år for kommuneøkonomien med sterk aktivitetsvekst, sterk kostnadsvekst og tap på finansplasseringar. Det ligg til rette for at 2009 vil bli eit klart betre år. Det betyr ein betre skule og betre omsorgstenester, seier kommunalminister Liv Signe Navarsete.

For 2010 legg regjeringa opp til ein vekst i inntektene til kommunane på 8 milliardar kroner kor 4 milliardar kroner er frie inntekter. Utvalet meiner budsjettopplegget for 2010 legg til rette for auka tenestetilbod utover det som følgjar av den demografiske utviklinga og ei konsolidering av den økonomiske balansen. For å konsolidere økonomien peiker utvalet på at kommunesektoren framover må tilpasse aktivitetsveksten til inntektsveksten.

- Eg er glad for at utvalet meiner at budsjettopplegget for 2010 gir rom for både meir tenester og betre økonomi. Dei siste åra har det vore ein sterk aktivitetsvekst. Sjølv om det ligg an til ei styrking av tilbodet til innbyggjarane også i 2010, er eg oppteken av at einskilde kommunar kan ha ein vanskeleg økonomisk situasjon. Det er viktig at kommunane tilpassar aktiviteten sin til dei inntektene dei har, seier Navarsete.

Pressekontakt: Statssekretær Guri Størvold, telefon 91 55 05 96.