Historisk arkiv

Navarsete med klare klimaforventningar til kommunane

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Kommunal- og regionaldepartementet

- Kommunane må byggje meir energieffektive bygg og kutte energiforbruket i eksisterande bygg. Dei må satse på grønare transport, innkjøp og forbruk, sa kommunal- og regionalminister Liv Signe Navarsete på Fagforbundets landsmøte fredag.

- Kommunane må byggje meir energieffektive bygg og kutte energiforbruket i eksisterande bygg. Dei må satse på grønare transport, innkjøp og forbruk, sa kommunal- og regionalminister Liv Signe Navarsete på Fagforbundets landsmøte fredag.

Statsråden poengterte at kommunane er viktige aktørar i arbeidet for eit betre klima. I ein klimaanalyse frå SFT heiter det at av dei 15 -17 millionar tonn klimagassar Noreg skal kutte innan 2020, kan halvparten takast ved hjelp av kommunale verkemiddel.

- Kommunane må ta ei leiarrolle i lokalsamfunnet og vere grøne lokomotiv i klimakampen. Både innbyggjarar, organisasjonar og næringsliv er avhengige av at kommunane er pådrivar og medspelar i klimakampen, sa Navarsete.

Ho har klare forventingar til at kommunane sjølv tek tak for å redusere klimagassutsleppa, óg utan statlege pålegg eller statleg finansiering av tiltaka.

- Regjeringa har verkemiddel som kan hjelpe kommunane til å bli meir miljøvennlege. Det finst gode ordningar i Husbanken. Dessutan har Enova 1,8 milliardar kroner til disposisjon neste år. No gjeld det å kome i gang, sa statsråden.

- Langt i frå alle kommunar har på plass klima- og energiplanar. Det skal dei ha innan 1. juli 2010. Heldigvis veit eg at både kommunane og kommunalt tilsette er opptekne av å finne gode løysingar for eit betre klima. Mange kommunar jobbar godt med dette allereie, sa Navarsete.

Kommunal- og regionaldepartementet sin pressetelefon: 22 24 25 00.

Navarsete foran storskjerm
Liv Signe Navarsete. (Foto: Agnar Kaarbø/KRD)