Historisk arkiv

Ny statistikk om lokale folkerøystingar

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Kommunal- og regionaldepartementet

For første gong får Noreg no ein god oversikt over omfanget av dei lokale folkerøystingane.

For første gong får Noreg no ein god oversikt over omfanget av dei lokale folkerøystingane.

Statistisk sentralbyrå offentliggjorde 14. desember ein heilt ny statistikk som syner at det har vore gjennomført hele 666 lokale folkerøystingar sidan 1970 til og med 2008

- Eg er glad for å ha fått på plass statistikk om lokale folkerøystingar. Dette vil vere nyttig informasjon både for kommunar, media og alle som er interesserte i kommunar og demokrati. Eg trur det vil gi auka merksemd om den viktige demokratiske kanalen som lokale folkerøystingar er, seier kommunal- og regionalminister Liv Signe Navarsete.

I 2008 blei det gjennomført tre lokale folkerøystingar, alle om målform i skulekretsar i Notodden kommune i Telemark. Statistikken syner at fire av ti røystingar sidan 1970 har vore om målform.

I Soria Moria-erklæringa står det at det skal leggast til rette for bruk av lokale rådgivande folkerøystingar. Dette har departementet følgt opp i tre steg. Første steget var innføringa av ein formålsparagraf i kommunelova som presiserar kommunane sin rett til å avhalde lokale folkerøystingar i heile eller delar av kommunen.

- Eg meiner at mogelegheita til å gjennomføra slike røystingar er underkommunisert. Folkerøystingar kan vere eit nyttig verktøy for å få innspel frå innbyggjarane i viktige saker, seier Navarsete.

Dei to siste stega har vore gjennomført i samarbeid med Statistisk sentralbyrå. Først blei det etablert eit system for årleg rapportering av folkerøystingar frå alle kommunane. I tillegg er no ei historisk kartlegging av folkerøystingar sidan 1970 på plass.

- Statistikken vil spegle ein vesentlig del av det norske folkestyret, og lette både forsking og formidling av kunnskap om dette viktige innslaget i det norske demokratiet, seier Navarsete.

For meir informasjon, sjå: www.ssb.no/folkavs_kostra/

Kommunal- og regionaldepartementet sin pressetelefon: 22 24 25 00.