- Eg er oppteken av at kommunar og fylkeskommunar skal ha gode føresetnader for å drive god forvaltning, drift og vedlikehald av eigne bygg, seier statsråd Kleppa.

Forskingsprogrammet til NTNU handlar om utvikling og forvaltning av offentlege bygningar i eit livsløpsperspektiv og er ei oppfølging av Eiendomsforvaltningsutvalget si utgreiing ”Velholdte bygninger gir mer til alle”. Programmet blei starta opp i 2008 og fekk i fjor eit tilskot på 1,5 millionar kroner frå Kommunal- og regionaldepartementet.

Hovudperspektiva for programmet er retta inn mot dei sentrale utfordringane, og omfattar:

  • Eigarretta forsking for betre styringsmodellar og betre data- og avgjerdsgrunnlag
  • Forvaltningsretta forsking for å utvikle betre system for planlegging og utføring av FDVU-oppgåver, mellom anna utvikle system for betre budsjettering og regnskap, innkjøp og avtaler
  • Brukarretta forsking for å utvikle metodar for å kartlegge brukarbehova innanfor ulike tenester
  • Bygningsretta forsking for å utvikle betre basiskunnskap om tekniske løysingar i et levetidsperspektiv

Organisasjonsretta forsking for å utvikle samspillet med andre kommunale tenester og høve til infrastruktur (til dømes byutvikling).

- Målet er på lang sikt betre eigedomsforvaltning og dermed betre arbeidsmiljø og betre bygg for tenestemottakarane. Eg ventar og at det blir utvikla kunnskap og effektive verktøy som gjer betre grunnlag for politisk styring og faglig forvaltning av eigedommane som kommunar og fylkeskommunar disponerer, seier Kleppa.

Kommunal- og regionaldepartementet sin pressetelefon: 22 24 25 00.