Historisk arkiv

Utvidar satsinga på kvinner og entreprenørskap

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Kommunal- og regionaldepartementet

14 regionale prosjekt i regi av SIVA skal stimulera til meir entreprenørskap blant kvinner.

14 regionale prosjekt i regi av SIVA skal stimulera til meir entreprenørskap blant kvinner.

Kommunal- og regionaldepartementet har styrka satsinga på kvinner og entreprenørskap gjennom Selskapet for Industrivekst (SIVA) frå 6 millionar kroner i 2006 til 11 millionar kroner i 2009.

- Dette er ein del av regjeringa sitt arbeid med å auka entreprenørskap blant kvinner. At kvinner startar eigne verksemder er avgjerande for busetting og verdiskaping i heile landet, seier statsråd Magnhild Meltveit Kleppa.

Før sommaren lyste SIVA midlar for at SIVA-miljø over heile landet skal arbeida med å auka talet på bedrifter etablert av kvinner i sine miljø og nærområde. 14 regionale satsingar med rundt 70 ulike aktørar får no klarsignal om å starta opp.


Magnhild Meltveit Kleppa, Hildegunn Fisher fra inkubatorbedriften Tagskilt 247, Sølvi Torvestad fra inkubatorbedriften Aqua Energy Solution AS, Carina Stava – Staff  / C & H Consept AS, Marit Dahle – Saga Oxo AS, Anne Kristin Jordbrekk – næringshagen Rogaland Ressurssenter AS og prosjektleder Kvinnovasjon i Rogaland og Vibecke Beyer – Pacta AS. (Foto: Ragnar Larsen.)

Kommunal- og regionaldepartementet sin pressetelefon: 22 24 25 00.