Historisk arkiv

Vil gi ungdom i distrikta høve til å ta lappen i skuletida

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Kommunal- og regionaldepartementet

Prosjektet Føraropplæring i tilknyting til vidaregåande skule har gått over 2,5 år har vore ein stor suksess

Prosjektet Føraropplæring i tilknyting til vidaregåande skule har gått over 2,5 år har vore ein stor suksess. 6 skular har delteke (Firda – Sogn og Fjordane, Grong – Nord-Trøndelag, Nord-Gudbrandsdal, avd. Lom i Oppland, Trysil i Hedmark, Vest-Telemark vdg i Telemark, Knut Hamsund vdg i Nordland). Prosjektet er evaluert og konkluderer med at føraropplæring og vidaregåande opplæring høyrer saman. 
 
- Vi har oppnådd mykje, seier kommunal- og regionalminister Liv Signe Navarsete. Det har gitt betre tilgjenge og billigare føraropplæring i distrikta og mindre fråvær og forstyrringar i forhold til undervisninga. På Firda vdg skole melder dei for eksempel om at strykprosenten for føraropplæring er langt lågare for desse elevane enn landgjennomsnittet. 
 
- Resultata er så gode at dette er noko vi skal satse vidare på. Mitt mål er at alle distriktsskular skal gje eit tilbod om føraropplæring. Det skal utarbeidast ein rettleiar som skal gå ut til alle vidaregåande skular som kan vere interessert i å gje dette tilbodet til sine elevar. Men for å halde fokus på saka og hauste fleire erfaringar vil vi og køyre i gong prosjekt på fleire vidaregåande skular frå hausten på 6 -7 nye skular rundt i landet, seier Navarsete. 

Kommunal- og regionaldepartementet sin pressetelefon: 22 24 25 00.