Kommunal- og regionaldepartementet gir 100.000 kroner i tilskot til eit prosjekt om interkommunalt skredsamarbeid i Hordaland.

– Det er viktig å styrkje kompetansen på skredfare ute i kommunane. Prosjektet kan bidra til å etablere nyttig kunnskap på feltet, både for deltakarkommunane og for kommunar i resten av landet, seier kommunal- og regionalminister Liv Signe Navarsete.

– Interkommunalt samarbeid er ein smart måte for små kommunar å løyse felles utfordringar på, seier statsråden.

Det er Kvam kommune som har søkt Kommunal- og regionaldepartementet om tilskot til eit toårig prosjekt som skal jobbe for eit interkommunalt samarbeid i skredrelaterte saker. Alle kommunane i Hordaland er invitert til å delta, og prosjektet har fått god oppslutnad i kommunane.

Eit overordna mål for prosjektet er å skapa tryggare lokalsamfunn. Prosjektet skal mellom anna sjå på korleis ein kan redusere risikoen for skred mot eksisterande bygg. Kvam herad skriv til Kommunal- og regionaldepartementet at auka kompetanse på skredfare både i administrasjon, politikarar, huseigarar og innbyggjarar er viktig.

Kommunal- og regionaldepartementet sin pressetelefon: 22 24 25 00.