Ei ny undersøking viser at kommunane betra driftsresultata sine i fjor. – Sjølv om økonomien vart styrka i 2009, veit vi at situasjonen er ulik i ulike kommunar, seier kommunalminister Liv Signe Navarsete.

Det var teknisk berekningsutval for kommunal og fylkeskommunal økonomi (TBU) som la fram nye tal i samband med konsultasjonsmøtet mellom staten og KS, kommunesektoren sin interesseorganisasjon, tysdag. Tala syner at netto driftsresultat for kommunesektoren for 2009 er på om lag 3 prosent.

- Resultatet er ei klar styrking frå 2008 og syner at den økonomiske situasjonen i kommunesektoren er blitt betre, seier Navarsete.

Men på same vis som 2008 var eit spesielt år der kommunane hadde unormalt store tap på finansplasseringane sine, er netto driftsresultat i 2009 delvis eit resultat av at kommunane har hatt unormalt store gevinstar på finansplasseringane sine.

- Sjølv om det ligg an til ei stryking av sektoren samla, er eg oppteken av at enkelte kommunar kan ha ein vanskeleg økonomisk situasjon. Det er viktig at kommunane legg opp aktiviteten sin etter sin eigen økonomiske situasjon, seier statsråden.

TBU har og berekna demografikostnadene for neste år. Utvalet peiker på at kommunane vil få store auka utgifter på grunn av endringar i samansettinga av innbyggjarane. Fleire eldre betyr større utgifter.

- På fem år har kommunane fått 40 milliardar kroner meir. Det har mellom anna betydd meir enn 30.000 fleire årsverk i skulane, sjukeheimane og barnehagane. Kommunane må fortsette å sørgje for at dei får mest og best mogeleg tenester ut av kvar krone. Det er i kommunane folk får dei viktige tenestene: Gode, trygge barnehagar, eit skuletilbod som gir ungane eit godt grunnlag for heile livet og god pleie og varm omsorg for dei eldre, seier Navarsete. 


Statsråd Liv Signe Navarsete og statssekretær Dag-Henrik Sandbakken. Foto: Agnar Kaarbø/KRD.
Kommunal- og regionalminister Liv Signe Navarsete og statssekretær Dag-Henrik Sandbakken. Foto: Agnar Kaarbø/KRD.

Liv Signe Navarsete og Halvdan Skard. Foto: Agnar Kaarbø/KRD.
Liv Signe Navarsete og Halvdan Skard. Foto: Agnar Kaarbø/KRD.

Direktør i KS, Sigrun Vågeng, Liv Signe Navarsete og KS-leder Halvdan Skard. Foto: Agnar Kaarbø/KRD.
Direktør i KS, Sigrun Vågeng, Liv Signe Navarsete og KS-leder Halvdan Skard. Foto: Agnar Kaarbø/KRD.