Historisk arkiv

Kommunane har brukt krisemilliardane godt

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgiver: Kommunal- og regionaldepartementet

- Kommunane og fylkeskommunane har brukt pengane frå regjeringa si tiltakspakke godt, seier kommunalminister Liv Signe Navarsete. Rapportar syner at tiltakspakka mellom anna har gitt betre skular, sjukeheimar og vegar.

Kommunane fekk ei viktig rolle då regjeringa la fram ei tiltakspakke for å stimulere sysselsettinga i norsk økonomi i januar i fjor. Den største delen av dette var eit tilskot på fire milliardar kroner til vedlikehald og oppgradering av kommunale bygg, vegar og anlegg. Den endelege rapporteringa om korleis kommunane og fylkeskommunane har brukt tilskotet er no så godt som klar sjølv om ein manglar tal for enkelte fylkeskommunar og kommunar.

- Rapporteringa syner at kommunesektoren har gjort jobben regjeringa bad dei om å gjere, seier kommunal- og regionalminister Liv Signe Navarsete.

Tala viser at over 30 prosent av det ekstraordinære tilskotet på fire milliardar er brukt på skulebygg.  20 prosent er brukt på samferdsel, 10 prosent på sjukeheimar, medan resten fordeler seg ganske jamt på barnehagar, omsorgsbustadar og andre kommunale utleigebustadar, idrettsanlegg, kulturbygg, kyrkjebygg og administrasjonsbygg.

- Vi er sikre på at pengane har vore til god nytte og at innbyggjarane vil merke at skulane, sjukeheimane, idrettsanlegga, vegane og samfunnshusa deira har nytt godt av tilskotet. Vi veit at det er eit stort etterslep på vedlikehald i kommunesektoren, og eg er sikker på at kommunane og fylkeskommunane har brukt pengane der behovet var størst, seier Navarsete.

Kriteriet for å nytte tilskotet, var at prosjekta måtte vere sett i gang i løpet av 2009. For regjeringa var det viktig at tiltaka mot verknadane av den internasjonale finanskrisa kom i gang raskt. Det aller meste av pengane blei brukt i 2009, mens om lag 15 prosent er knytte til prosjekt som har fortsett inn i 2010, syner tilbakemeldingane. Berre i nokre få tilfelle er det muleg at prosjekta ikkje kom i gang før i 2010 og at kommunar og fylkeskommunar kan måtte betale tilbake tilskotet til desse prosjekta.

- Alt i alt kan det dreie seg om rundt 20 tilfeller der revisor har hatt merknadar til kommunen eller fylkeskommunen sin bruk av tilskotet. Samla sett har desse sakene eit lite omfang: Det er snakk om prosjekt på til saman rundt ti millionar kroner – av i alt fire milliardar. No skal vi i departementet vurdere kvar enkelt sak, seier Navarsete.

Foreløpige oversiktar

Departementet vil framover gå meir detaljert igjennom innrapporteringa frå kommunane og fylkeskommunane, og det kan verte endringar i tala. 

Kommunal- og regionaldepartementet sin pressetelefon: 22 24 25 00.