Historisk arkiv

Meir velferd og betre økonomi i kommunane i 2009

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgiver: Kommunal- og regionaldepartementet

Heilt ferske KOSTRA-tal syner at kommunane har hatt rom for å satse på skule i tillegg til omsorg og barnehagar. - I tillegg er den økonomiske balansen betydeleg betra i 2009, seier kommunal- og regionalminister Liv Signe Navarsete.

KOSTRA-tala frå SSB syner at det har blitt 3400 fleire årsverk i kommunesektoren i 2009.

- Spesielt gledelig er det at det har kome 700 nye årsverk i grunnskulen, dette på tross av at det har blitt færre elevar. Det betyr at vi har fått fleire lærarar per elev, seier Navarsete.

- På fem år har kommunane fått 40 milliardar kroner meir. Vi skal fortsette å prioritere kommunane. Det er i kommunane folk får dei viktige tenestene: Gode, trygge barnehagar, eit skuletilbod som gir ungane eit godt grunnlag for heile livet og god pleie og varm omsorg for dei eldre, seier Navarsete.

For eigedomsforvalting og vedlikehald blei det publisert KOSTRA-tal første gang i 2008. Då brukte kommunane 79 kroner per kvadratmeter, medan dei foreløpige KOSTRA-tala viser at kommunane i 2009 brukar 117 kroner per kvadratmeter.

- Det betyr at fleire skuleungar får ein kvardag utan hovudverk på grunn av dårlig inneklima og det betyr at fleire kommune-tilsette har fått ein betre arbeidsdag i 2009. Eg er glad for at kommunane prioriterar vedlikehald og for at vi ser konkrete resultat av tiltakspakka regjeringa la fram, seier Navarsete.

Fleire barn har og fått plass i barnehagar. Delen barn frå eitt til fem år med barnehageplass er auka frå 87,1 prosent i 2008 til 88,5 prosent i 2009.

Eineromsdekninga i sjukeheimane auka frå 93,5 prosent i 2008 til 93,6 prosent i 2009, og legedekninga i kommunale institusjonar har auka frå 8,2 per 1000 plasser i 2008 til 9,1 i 2009.

- Dette tyder på høgare kvalitet på tenestene og auka tryggleik for bebuarane, seier statsråden.

KOSTRA-tala viser at det var 139.000 avtalte årsverk innan pleie- og omsorgsektoren i kommunane i fjor, omtrent same nivå som året før. Statistikken viser ein liten nedgang frå året før, men skuldast ifølgje SSB at ein for 2009 har teke sysselsette i institusjonar som kommunane driv for spesialisthelsetenesta ut av tala for den kommunale helse- og sosialtenesta.

Den økonomiske balansen har også blitt betydeleg betre enn i unntaksåret 2008. Netto driftsresultat er den viktigaste indikatoren for økonomisk balanse. Denne viser at kommunesektoren samla har eit netto driftsresultat på 3 prosent. Kommunane utan Oslo hadde eit netto driftsresultat på 2,7 prosent og fylkeskommunane på 4,4 prosent, mens Oslo kommune hadde 3,2 prosent.
Årsakene til det gode netto driftsresultat i 2009 er delvis eit resultat av at kommunane har hatt unormalt store gevinstar på finansplasseringane sine, at det har vore lave renteutgifter i kommunane, samt at skatteinngangen var betre enn venta og at løns- og prisauken ikkje blei så høg som venta.
Teknisk berekningsutval for kommunal og fylkeskommunal økonomi tilrår at netto driftsresultat for sektoren over tid bør ligge på om lag 3 prosent.

- Sjølv om det ligg an til ei styrking av sektoren samla, er eg oppteken av at enkelte kommunar kan ha ein vanskeleg økonomisk situasjon. Det er viktig at kommunane legg opp aktiviteten sin etter sin eigen økonomiske situasjon. Dei må sørgje for å få mest muleg tenester til innbyggjarane for kvar krone, mellom anna ved å få ned sjukefråveret og straumbruken i bygg, seier statsråden.

Kommunal- og regionaldepartementets pressetelefon: 22 24 25 00.