Historisk arkiv

Ny rapport om frivillige kommunesamanslåingar

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Kommunal- og regionaldepartementet

Dei siste fire frivillige kommunesamanslåingane har i det store og heile gått bra, syner ein ny rapport. – Utfordringane kommunane møter går bra fordi dei sjølve har vald å slå seg saman, meiner kommunalminister Liv Signe Navarsete.

Dei siste fire frivillige kommunesamanslåingane har i det store og heile gått bra, syner ein ny rapport. – Utfordringane kommunane møter går bra fordi dei sjølve har vald å slå seg saman, meiner kommunalminister Liv Signe Navarsete.

I ein heilt fersk rapport Telemarksforsking har laga på oppdrag frå Kommunal- og regionaldepartementet vert resultata av dei fire siste frivillige kommunesamanslåingane i Noreg gått gjennom.

Rapporten slår fast at samanslåingane av Vindafjord/Ølen, Aure/Tustna, Bodø/Skjerstad og Kristiansund/Frei både har hatt og har sine utfordringar, men at dei i det store og heile har vore vellukka.

– Rapporten viser at samanslåingar ofte krev omfattande omorganisering og nytenking i kommunane som både politikarar, tilsette og innbyggjarar må vere med på. Eg trur dette samarbeidet går lettare når utgangspunktet er at kommunane ynskjer ei slik samanslåing, seier kommunal- og regionalminister Liv Signe Navarsete.

Telemarksforsking har vurdert samanslåingane knytt til kommunane si rolle som demokratisk arena, kommunen som leverandør av velferdsgode, kommunen som myndigheitsorgan og kommunen som samfunnsutviklar.

- Eg har merka meg det rapporten seier om at det er blitt færre folkevalde per innbyggjar etter samanslåingane og at interessa blant innbyggjarane for å ta på seg politiske verv er noko redusert, seier Navarsete.

Kommunal- og regionaldepartementet sin pressetelefon: 22 24 25 00.