Historisk arkiv

15 millionar kroner til daglegvarebutikkar i distrikta i 2011

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Kommunal- og regionaldepartementet

Kommunal- og regionaldepartementet lyser no ut 15 millionar kroner til investerings- og utviklingsstøtte til daglegvarebutikkar i distrikta.

Kommunal- og regionaldepartementet lyser no ut 15 millionar kroner til investerings- og utviklingsstøtte til daglegvarebutikkar i distrikta.

- Dette er eit tiltak for å sikre og utvikle eit godt tenestetilbod i distrikta, og er ein viktig del av regjeringa sitt distriktspolitiske løft. Daglegvarebutikken er eit heilt grunnleggjande tenestetilbod. Eg er derfor glad for at det er klart for utlysing av nye midlar i investerings- og utviklingsstøtte til daglegvarebutikkar i distrikta, seier statsråd Liv Signe Navarsete.

Dette er ei ordning som vart etablert i 2010. Det kom inn svært mange gode søknadar ved utlysinga i fjor, så dette er midlar det er stor etterspurnad etter.

Kommunal- og regionaldepartementet har gjennom mange år hatt ei satsing på daglegvarebutikkar i distrikta, gjennom MERKUR-programmet. Det syner seg at det er trong for ei ytterlegare styrking som legg til rette for at desse butikkane kan modernisere og utvikle butikken sin, for å sikre vidare drift av butikkane.

- Eg vil derfor oppmode bygdefolk rundt om i heile landet til å støtte opp om og bruke den lokale butikken. Det er den viktigaste føresetnaden for å sikre god og lønsam drift, seier statsråden.

Dei butikkane som vert omfatta av denne ordninga ligg i distriktsområde. No vert det lagt ut informasjon om ordninga på MERKUR-programmet sine heimesider, www.merkur-programmet.no. Der finn ein informasjon om kven som kan søke om midlar, kva krav som vert sette til butikkane i den samanheng, søknadsskjema mm. Det er sett av 15 millionar kroner til støtteordninga i 2011.


Kommunal- og regionaldepartementet sin pressetelefon: 22 24 25 00.