Historisk arkiv

3 millionar kroner i bulystmidlar til utviklingsprosjekt om stedsuavhengig arbeid i Dyrøy

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Kommunal- og regionaldepartementet

Ei rekke prosjekt i heile landet får midlar til å arbeide med bulyst. - Det har vore eit krevjande arbeid å plukke ut dei beste av heile 182 søknader. Eit av desse prosjekta ligg i Dyrøy kommune i Troms, seier kommunal- og regionalminister Liv Signe Navarsete

Ei rekke prosjekt i heile landet får midlar til å arbeide med bulyst. - Det har vore eit krevjande arbeid å plukke ut dei beste av heile 182 søknader. Eit av desse prosjekta ligg i Dyrøy kommune i Troms, seier kommunal- og regionalminister Liv Signe Navarsete.

- Regjeringa vil at alle i Noreg skal ha høve til å bu der dei ønskjer. Bulystsatsinga inneber midlar til utviklingsprosjekt som skal vere med på å skape attraktive lokalsamfunn. Me er særleg ute etter prosjekt som har nasjonal overføringsverdi. Søknadsbunken vitnar om eit stort engasjement i heile landet, seier kommunal- og regionalminister Liv Signe Navarsete.

I utveljinga av bulystprosjekt har Kommunal- og regionaldepartementet særleg lagt vekt på kvalitet, forankring, nytenking og samarbeid. Viktige målgrupper er ungdom, kvinner og innvandrarar. Også fylkeskommunane har spelt ei viktig rolle i handsaminga av søknader.

Dyrøy kommune har gjennom fleire år vore ein foregangskommune når det gjeld utviklingsarbeid. Dei har tatt på seg ein leiarrolle både i fylket og nasjonalt, mellom anna gjennom Dyrøyseminaret.

- Eg er viss på at det ligg mykje uforløyst potensial i å distribuere kunnskap og arbeidsplassar ut over landet. Vi treng kompetansearbeidsplassar i distrikta, og det skal Dyrøy kommune gjere noko aktivt med, seier Navarsete.

- Det er samla mykje kunnskap gjennom det utviklingsarbeidet Dyrøy kommune alt har gjort, det er derfor eit ønske frå Kommunal- og regionaldepartementet å halde fram samarbeidet med Dyrøy, nettopp for å løyse ut noko av det potensialet som ligg i ny teknologi og også ønsket mange folk har om meir fleksible livsstilsval, seier statsråden.

Kommunal- og regionaldepartementet sin pressetelefon: 22 24 25 00.