Historisk arkiv

Kommuneproposisjonen 2012

5 milliardar til samhandling i kommunane

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Kommunal- og regionaldepartementet

Kommunane får om lag 5 milliardar kroner neste år til nye oppgåver i samband med samhandlingsreforma. – Eg er viss på at kommunane vil greie oppgåvene godt, seier kommunal- og regionalminister Liv Signe Navarsete.

Kommunane får om lag 5 milliardar kroner neste år til nye oppgåver i samband med samhandlingsreforma. – Eg er viss på at kommunane vil greie oppgåvene godt, seier kommunal- og regionalminister Liv Signe Navarsete.

Pengane blir fordelte til kommunane gjennom inntektssystemet etter alderssamansetjinga i befolkninga. Frå og med 2012 vert det innført kommunal medfinansiering av spesialisthelsetenesta og kommunalt betalingsansvar for utskrivingsklare pasientar.

- Kommunane skal få kompensasjon for nye oppgåver. Desse oppgåvene får kommunane handlingsrom til å løyse sjølve eller saman med andre kommunar og i samarbeid med spesialisthelsetenesta, seier Navarsete.

Betre folkehelse og betre helsetilbod til innbyggjarane nær der dei bur er målet med samhandlingsreforma.

- Mange kommunar er allereie i gang og jobbar godt med samhandling. Andre er i startgropa. Alt skal ikkje vere ferdig 1. januar 2012. No er det viktig at kommunane bruker tida godt og lagar gode planar for korleis denne viktige reforma skal gje innbyggjarane ei best muleg helseteneste, seier Navarsete.

- Det vil lønne seg for kommunane å halde folk friske. Vi skal bli betre på førebygging og flinkare til å tilby det som skal til i forkant i staden for å reparere i etterkant. Kommunane og helseføretaka skal vere likeverdige partnarar i samarbeidet om det beste for pasientane, seier Navarsete.

Regjeringa legg opp til 20 prosent kommunal medfinansiering av konsultasjonar og medisinske opphald for alle somatiske pasientar frå 2012. Det vert også betalingsplikt for utskrivingsklare pasientar i sjukehus frå fyrste dag slik at kommunane får eit økonomisk insentiv til å etablere tilbod til pasientar som er ferdig behandla i spesialisthelsetenesta. Betalingssatsen er satt til 4000 kroner per døgnopphald.

Enkelte kommunar vil kunne ha høgare kostnader ved kommunal medfinansiering og utskrivingsklare pasientar ved innføringstidspunktet enn det som fordeling etter inntektssystemet fangar opp.

- Desse vil i ein overgangsperiode få ein kompensasjon utover det som vert fordelt gjennom kostnadsnøkkelen. Regjeringa vil i statsbudsjettet komme nærare tilbake til nivå og innretning på kompensasjonen, seier Navarsete.

Regjeringa har og foreslått plikt for kommunane til å sørgje for tilbod om døgnopphald for personar med behov for strakshjelp frå kommunen si helse- og omsorgsteneste. Regionale helseføretak og kommunane er saman ansvarlege for å byggje opp slike tilbod i kommunane innan 2016.

Kommunal- og regionaldepartementet sin pressetelefon: 22 24 25 00.