Forenklingar i byggjereglane
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II
Utgjevar: Kommunal- og regionaldepartementet
Pressemelding | Dato: 14.12.2011
- Frå 1. januar 2012 blir krava til tilgjenge og universell utforming i bustader noko forenkla, seier Navarsete.
- Frå 1. januar 2012 blir krava til tilgjenge og universell utforming i bustader noko forenkla, seier Navarsete.
I små leilegheiter kan ein no setje av mindre plass til bod. Etter dei nye reglane kan storleiken på bod halverast til 2,5 m2 i 1-roms leilegheiter. Det gjev mindre behov for areal for dei minste leilegheitene. Samstundes blir det teke omsyn til at også desse bustadene skal vere funksjonelle.
- Dei nye byggjereglane har fungert i drygt eitt år. Erfaringane syner at det er formålstenleg å justere og presisere nokon av krava, slår Navarsete fast.
Bustader som blir bygde i bratt terreng får unnatak både frå krav til stigning og trinnfri inngang. Bustader i bratt terreng har også nokon unnatak frå krav om tilgjenge inne i bustaden.
Dei nye reglane omfattar også opprettingar og presiseringar i forskrifta om byggjesak. Det er gjort presiseringar i reglane om kvalifikasjonskrav for kontrollføretak og i ansvarsreglane. Det er også klargjort at ein ikkje treng å varsle naboen ved fysiske arbeid inne i bygg.
Kommunal- og regionaldepartementet sin pressetelefon: 22 24 25 00.