Historisk arkiv

Føreslår meir openheit og betre eigenkontroll

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Kommunal- og regionaldepartementet

– Openheit er ei grunnleggjande demokratisk verdi. Eg ynskjer opne møte i kontrollutval og kommunale føretak, seier kommunal- og regionalminister Liv Signe Navarsete og sender no forslaget på høyring.

– Openheit er ei grunnleggjande demokratisk verdi. Eg ynskjer opne møte i kontrollutval og kommunale føretak, seier kommunal- og regionalminister Liv Signe Navarsete og sender no forslaget på høyring.

I desember 2009 leverte ei arbeidsgruppe oppnemnd av Kommunal- og regionaldepartementet rapporten 85 tilrådingar for styrkt eigenkontroll i kommunane. Som eit ledd i oppfølginga av rapporten sender no departementet framlegg til regelendringar på høyring. Departementet føreslår òg endringar i kommunelova, inndelingslova, lov om interkommunale selskap og kvitvaskingslova.

Departementet gjer framlegg om at styremøte i kommunale føretak som hovudregel skal vere ope.

– Kommunale føretak er ein del av kommunen, og det bør vere stor grad av openheit kring deira verksemd, seier Navarsete.

I tillegg ynskjer statsråden å likestille kontrollutvalet med andre folkevalde organ og føreslår at møta deira som hovudregel skal vere opne. I dag vel kontrollutvala sjølve om deira møte skal vere opne.

Statsråden føreslår dessutan endringar i føresegna for å sikre at kontrollutval og revisor får innsynsrett i alle interkommunale samarbeid etter kommunelova § 27 og i alle aksjeselskap som direkte eller indirekte er heileigde av kommunen.

 – Eg vil leggje til rette for at kontrollutvalet og revisor har mulegheit til å gjere ein god jobb. Innsynsretten er viktig i samband med selskapskontroll. Eg har forventningar om at kommunane etter kvart vil bli endå betre på selskapskontroll, seier Navarsete.

Ho legg vekt på at eigenkontrollen er avgjerande viktig for at kommunane skal halde orden i eige hus.

– Ein velfungerande eigenkontroll er med på å skape tillit hos innbyggjarane. Ansvaret for ein styrkt eigenkontroll ligg fyrst og fremst hos kommunane sjølve. Departementet sitt ansvar er mellom anna å sørgje for eit godt regelverk. Med framlegga til regelendringar som no blir sende på høyring, vil vi bidra til det, seier Liv Signe Navarsete.

Kommunal- og regionaldepartementet sin pressetelefon: 22 24 25 00.