Historisk arkiv

"Fra bostedsløs til herre i eget hus" på Nøtterøy vann Statens tiltakspris mot bustadløyse 2011

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgiver: Kommunal- og regionaldepartementet

-Eg gratulerer med prisen, og vonar andre blir inspirerte til å setje i verk liknande tiltak, sa kommunal- og regionalminister Liv Signe Navarsete då ho delte ut prisen

-Eg gratulerer med prisen, og vonar andre blir inspirerte til å setje i verk liknande tiltak, sa kommunal- og regionalminister Liv Signe Navarsete då ho delte ut prisen.

Satsinga på Nøtterøy består av seks små frittliggjande hus. Bebuarane er tidlegare bustadlause som har problem knytt til rus og psykiske lidingar. Bebuarane har sjølv vore med på å planleggje og byggje husa. Dei har fått oppfølging av fagpersonell både frå Nøtterøy kommune og psykiatrien i Vestfold.

Bebuarane har også fått arbeid gjennom ASVO Nøtterøy, som er ein arbeidsmarknadsbedrift som er eigd av kommunen. ASVO var også byggherre for småhusprosjektet. Prosjektet starta hausten 2007 og blei avslutta i januar 2011.

Evalueringa av prosjektet syner mellom anna at bebuarane no opplev auka livskvalitet, har betre materielle levekår og opplev større stabilitet.

- Her har ulike offentlege etatar samarbeida på tvers og med brukarane for å gje dei ein god busituasjon. Slikt samarbeid og engasjement gjev gode resultat, seier Navarsete.

-Mange kommunar gjer ein stor innsats for dei som slit på bustadmarknaden. Statens tiltakspris mot bustadløyse set lys på gode eksempel og gjev inspirasjon til andre som skal etablere butiltak for dei som treng det mest, seier Navarsete.

Juryen for prisen har vore sett saman av representantar frå Justis- og politidepartementet, Barne- ungdoms- og familiedirektoratet, Helsedirektoratet, Arbeids- og velferdsdiretoratet, Mental Helse, KS og Husbanken.


Kommunal- og regionaldepartementet sin pressetelefon: 22 24 25 00.