Kommunane leverer gode tenester på skule, omsorg, barnehagar og barnevern. Det syner heilt ferske SSB-tal for 2010. – I tillegg opprettheld kommunesektoren gode økonomiske resultat, seier kommunal- og regionalminister Liv Signe Navarsete.
KOSTRA-tala frå SSB syner at kommunane har sytt for at det har blitt 6 200 fleire årsverk i kommunesektoren i 2010. Av dette har 5 600 årsverk kome i kommunane og 600 i fylkeskommunane.
- I pleie og omsorgssektoren har det blitt 3 300 nye årsverk. Dette er eit godt bidrag til målsettinga i omsorgsplan 2015, seier Navarsete. I tillegg ser vi at det blir fleire legetimar per uke per bebuar og dette er eit teikn på betre kvalitet og tryggleik i tenestene.
Fleire barn har fått plass i barnehagar. Delen barn frå eitt til fem år med barnehageplass er auka frå 88,5 prosent i 2009 til 89,2 prosent i 2010.
Netto driftsresultat er den viktigaste indikatoren for økonomisk balanse. Resultatet for heile sektoren i 2010 er på 3,2 prosent, noko som er litt betre enn for 2009. I hovudsak er det fylkeskommunane som har forbetra driftsresultatet til 8,7 prosent i 2010. Dette har samanheng med forvaltningsreforma. Kommunane (utan Oslo kommune) har eit netto driftsresultat på 2,3 prosent, medan Oslo kommune hadde eit netto driftsresultat 1,1 prosent. Teknisk berekningsutval for kommunal og fylkeskommunal økonomi meiner sektoren over tid bør ha eit netto driftsresultat på om lag 3 prosent.
- Regjeringa har sytt for sterk vekst i kommunane sine inntekter dei siste åra med ein vekst på 47 milliardar kroner og 46 300 nye tilsette. No ser vi resultat gjennom ein framleis aktivitetsvekst, samstundes som den finansielle stillinga er stabilt god. Situasjonen er likevel ulik frå kommune til kommune. Difor er det viktig at kvar kommune legg opp sin aktivitet etter sin økonomiske situasjon, seier Navarsete.
Kommunal- og regionaldepartementet sin pressetelefon: 22 24 25 00