Ein ny garantisetel skal gjere det enklare og sikrare for private utleigarar å leige ut bustad til vanskelegstilte. – Kommunane kan nytte setelen til å gje utleigar garanti om at husleige og eventuelle andre krav mot leigetakar blir betalte, seier kommunal- og regionalminister Liv Signe Navarsete.

Dårleg tryggleik for utleigar har gjort at det har vore tungt for mange vanskelegstilte å kome inn på den private utleigemarknaden. Private utleigarar er redde for misleghald av leigeavtala, og har difor kvidd seg for å inngå husleigeavtaler med vanskelegstilte.

Ved å nytte den nye garantisetelen, kan utleigaren gå direkte til kommunen og få utbetalt det han har krav på dersom leigetakaren mislegheld avtala. Tidlegare måtte uteleigar prøve og drive inn pengane frå leigetakaren først.

Den nye garantisetelen vil gagne både utleigar, leigetakar og kommunen.

– Eg vonar fleire private utleigarar vil leige ut til vanskelegstilte når kommunen no kan stille garanti som gjer det enklare å dekka eventuelle misleghald av avtala. Samstundes slepp kommunane å leggje kontantar på bordet til depositum og dei får eit godt verkty i arbeidet med å gje vanskelegstilte ein trygg og god heim, seier Navarsete.

  • Selvskyldneravtale for husleieavtale [ Word] [ odt ] [ pdf ].


Kommunal- og regionaldepartementet sin pressetelefon: 22 24 25 00.