Historisk arkiv

Kompetansearbeidsplassar viktig for heile landet

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Kommunal- og regionaldepartementet

Kommunal- og regionalminister Liv Signe Navarsete mottok onsdag utreiinga NOU 2011: 3 Kompetansearbeidsplasser – drivkraft for vekst i hele landet.

Kommunal- og regionalminister Liv Signe Navarsete mottok onsdag utreiinga NOU 2011: 3 Kompetansearbeidsplasser – drivkraft for vekst i hele landet.

 -  Utreiinga er eit godt grunnlag for å vidareutvikle distrikts- og regionalpolitikken og sikre høg nasjonal verdiskaping. Vi får ikkje ein balansert regional vekst utan kompetansearbeidsplassar i heile landet, seier Navarsete.

Utvalet peiker på at utfordringa knytt til vekst i kompetansearbeidsplassar i heile landet må møtast med ein felles innsats på fleire politikkområde.
 
 - Eg vil særleg sjå nærare på kva rolle samferdslepolitikken og breibandsutbygginga kan spele for regional utvikling av kompetansearbeidsplassar. Veksten i kompetansearbeidsplassar er ulikt fordelt mellom sentrale strok og andre regionar. Eg er samd med utvalet i at god infrastruktur, både i form av veg, bruer, tunnelar og god dekning av høghastigheitsbreiband er vesentleg for betre spreiing av kompetansearbeidsplassar, seier Navarsete.

Utvalet meiner det er vesentleg potensiale for å lokalisere ulike funksjonar innan statlege verksemder utanfor hovudstadsregionen, og peikar på nytta i å leggje meir systematisk til rette for fjernarbeid og staduavhengige arbeidsplassar.

- Staduavhengige arbeidsplassar er viktig for at innbyggjarane kan bu der dei ynskjer, og dermed skapa vekst og optimisme i heile landet, seier Navarsete.
Bakgrunnen for utvalet er at veksten i sysselsettinga fyrst og fremst har vore innan kunnskapsintensive bransjar i arbeidsmarknadene rundt dei største byane. Samstundes er sysselsettinga redusert i industri og primærnæringar utanfor dei større byregionane.

 - Eg finn vurdering av tiltak knytt til samhandlingsreforma interessant . Også vurderinga av universitet og høgskular si rolle for tilgang på høgt utdanna arbeidskraft er viktig. Vi har nyleg sett at tiltak retta mot til dømes regionale trainee-ordningar gjev gode mulegheiter. Dette er nokre av dei punkta vi vil sjå nærare på når vi skal handsama utreiinga, seier Navarsete.

Kompetansearbeidsplassutvalet blei oppnemnt i januar 2010 for å sjå på korleis kompetansearbeidsplassar og nye statlege arbeidsplassar kan spreiast over heile landet. Utvalet er leia av professor Karen Helene Ulltveit-Moe, og har elles hatt representantar frå sentrale forskingsmiljø og offentlege aktørar.

Kommunal- og regionaldepartementet sin pressetelefon: 22 24 25 00.