Lindesnesregionen Næringshage i Mandal får tilbod om å delta i det nye næringshageprogrammet. Dette har Vest-Agder fylkeskommune og SIVA bestemt.

- Næringshageprogrammet er viktig fordi me har tru på at felles lokalisering av små bedrifter i eit tverrfagleg miljø kan stimulere til kreativitet og pågangsmot. Evalueringar har synt at dette er utviklande for dei etablerte bedriftene. I tillegg har me og sett mange døme på at det ut frå slike miljø veks nye idear og nye bedrifter, seier kommunal- og regionalminister Liv Signe Navarsete
 
Hovudmål for det nye programmet skal vere auka verdiskaping. Det blir lagt vekt på innovasjon og å få fram fleire gründerar. Fleire små bedrifter i eit tverrfagleg miljø gir auka verdiskaping, konkurransekraft og innovasjonar. Næringshagane bidreg til å trekkje til seg og rekruttere dyktige medarbeidarar til næringslivet i regionen.

Lindesnesregionen Næringshage skal vere ein pådrivar for innovasjon og entreprenørskap i heile regionen. I dag er det 13 bedrifter i Næringshagen med til saman 31 tilsette. Blant dessa er det både gründerbedrifter og veletablerte verksemder. Næringshagen har dei siste åra hatt mellom 40 og 50 gründere i året til rettleiing.

Regjeringa styrka næringshageprogrammet i statsbudsjettet for 2012. Det gjer at fleire næringshagar kan delta. Det er stor interesse for og hard konkurranse om å få delta i det nye programmet.

SIVA har som mål å skape sterke utviklingsmiljø i heile landet. Fylkeskommunen har hovudansvaret for å leggje til rette for ei positiv næringsutvikling i eige fylke.

- Eg er nøgd med at det nye programmet no er kome godt i gang og ser positivt på det  tette samarbeidet  mellom fylkeskommunane og SIVA i gjennomføringa av programmet, seier statsråden.

Dei næringshagane som ikkje kjem med i denne runden får ein siste mulegheit til våren, når den siste søknadsrunden blir gjort offentleg.

Kommunal- og regionaldepartementet sin pressetelefon: 22 24 25 00.