Historisk arkiv

Kommuneproposisjonen 2012

Meir pengar til kommunane i 2012

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Kommunal- og regionaldepartementet

Kommunane får mellom 5 og 6 milliardar kroner i samla inntektsauke neste år. Mellom 3,75 og 4,25 milliardar kroner av inntektsauken er frie inntekter.

Kommunane får mellom 5 og 6 milliardar kroner i samla inntektsauke neste år. Mellom 3,75 og 4,25 milliardar kroner av inntektsauken er frie inntekter.

- Denne inntektsauken legg til rette for å byggje ut dei kommunale tenestene i takt med befolkningsauken, seier kommunal- og regionalminister Liv Signe Navarsete.

Mellom anna er det rom for å fortsette å byggje ut pleie- og omsorgstenestene.

- Vi har fått 72 000 fleire tilsette i kommunesektoren sidan 2005. Det har gjeve auka aktivitet over heile landet. I same periode har kommunane tilsett 11 nye årsverk kvar einaste dag innan pleie- og omsorgstenestene. Dette utgjer ein forskjell for dei eldre og pleietrengande landet rundt, seier Navarsete.

I tillegg kjem om lag 5 milliardar kroner til kommunane i samband med samhandlingsreforma.

Regjeringa legg også opp til ei særskilt satsing på aktivitetstilbod på dagtid for demente gjennom eit nytt øyremerka tilskot.

Mellom ½ og ¾ milliard kroner av dei frie inntektene skal gå til fylkeskommunane. Av dette er 400 millionar kroner grunngjeve med ei satsing på drift og vedlikehald av fylkesvegane.

Regjeringa har varsla gradvis innføring av eit nytt valfag på 2 skuletimar per veke på ungdomstrinnet. Det vert innført for 8. trinn frå hausten 2012. Dei samla kostnadene når alle timane er fasa inn frå 2014, er rekna til 470 millionar kroner.

- Regjeringa held fram satsinga på kommunane. Vi har sørgja for ei inntektsvekst til kommunane på 48 milliardar kroner sidan 2005 og ei stor utbygging av tenester som skule, barnehagar og pleie- og omsorg, seier Navarsete.
- Men sjølv om regjeringa prioriterar kommunane, ser eg at den økonomiske situasjonen varierar mellom kommunane og at alle ikkje har det like enkelt. Kommunane må difor fortsetje å hushaldere pengane sine godt og sikre så mykje og gode tenester til innbyggjarane som muleg for pengane, seier Navarsete.

Vi publiserer ikkje veksttal på kommunenivå i kommuneproposisjonen 2012, då vi så tidleg i året ikkje har oppdatert talgrunnlag for å gje eit anslag. Anslag på vekst per kommune blir publisert i samband med statsbudsjettet.

Kommunal- og regionaldepartementet sin pressetelefon: 22 24 25 00.