Næringshagen Nord-Gudbrandsdal AS får tilbod om å delta i det nye næringshageprogrammet. Dette har Oppland fylkeskommune og SIVA bestemt.

- Næringshageprogrammet er viktig fordi me har tru på at felles lokalisering av små bedrifter i eit tverrfagleg miljø kan stimulere til kreativitet og pågangsmot. Evalueringar har synt at dette er utviklande for dei etablerte bedriftene. I tillegg har me og sett mange døme på at det ut frå slike miljø veks nye idear og nye bedrifter, seier kommunal- og regionalminister Liv Signe Navarsete
 
Hovudmål for det nye programmet skal vere auka verdiskaping. Det blir lagt vekt på innovasjon og å få fram fleire gründarar. Fleire små bedrifter i eit tverrfagleg miljø gir auka verdiskaping, konkurransekraft og innovasjonar. Næringshagane bidreg til å trekkje til seg og rekruttere dyktige medarbeidarar til næringslivet i regionen.

Næringshagen Nord-Gudbrandsdal AS er eit utviklingsselskap som jobbar for å etablere og utvikle fleire levedyktige bedrifter og arbeidsplassar i Nord-Gudbrandsdalen. Næringshagen blei opphavleg etablert som Vågå Næringshage, men har no avdelingar i alle kommunane i Nord-Gudbrandsdalen.

Regjeringa styrka næringshageprogrammet i statsbudsjettet for 2012. Det gjer at fleire næringshagar kan delta. Det er stor interesse for og hard konkurranse om å få delta i det nye programmet.

SIVA har som mål å skape sterke utviklingsmiljø i heile landet. Fylkeskommunen har hovudansvaret for å leggje til rette for ei positiv næringsutvikling i eige fylke.

- Eg er nøgd med at det nye programmet no er kome godt i gang og ser positivt på det  tette samarbeidet  mellom fylkeskommunane og SIVA i gjennomføringa av programmet, seier statsråden.

Dei næringshagane som ikkje kjem med i denne runden får ein siste mulegheit til våren, når den siste søknadsrunden blir gjort offentleg.

Kommunal- og regionaldepartementet sin pressetelefon: 22 24 25 00.