Historisk arkiv

Ny rettleiar om interkommunalt samarbeid

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Kommunal- og regionaldepartementet

Departementet gjev ut ein ny rettleiar om regelverket for interkommunalt samarbeid. – God kunnskap om interkommunale samarbeidsmodellar er viktig for at kommunane skal kunne treffe medvitne val av samarbeidsform, seier kommunalminister Liv Signe Navarsete.

Departementet gjev ut ein ny rettleiar om regelverket for interkommunalt samarbeid. – God kunnskap om interkommunale samarbeidsmodellar er viktig for at kommunane skal kunne treffe medvitne val av samarbeidsform, seier kommunalminister Liv Signe Navarsete.

Rettleiaren gjev ei grundig framstilling av vertskommunemodellen i kommunelova. I eit vertskommunesamarbeid gjer fleire kommunar avtaler om at ein av desse tek på seg å utføre oppgåver for dei andre kommunane i samarbeidet.

Med denne rettleiaren får kommunane eit verkty for å kunne vurdere om vertskommunemodellen er ein aktuell samarbeidsmodell. I tillegg vil den òg gje svar på kva som skal til for å opprette eit vertskommunesamarbeid som imøtekjem lova sine krav.

- Eit viktig mål med rettleiaren er å vise kva organisatorisk handlingsrom kommunane har innanfor vertskommunemodellen, og at modellen gir fleksibilitet til ulike lokale løysingar, seier Navarsete.

Sjølv om rettleiaren har vertskommunemodellen som hovudtema, gir den òg ei kort innføring i andre lovfesta modeller for interkommunalt samarbeid. Navarsete har varsla at regjeringa til hausten vil leggje fram forslag om å lovfeste også samkommunemodellen.

- Regjeringa er oppteken av å tilby kommunane gode verkty dei kan nytte for å samarbeide om velferdstenester. I en samkommunemodell vil kommunane kunne samle og systematisere dei ulike samarbeidsområda sine, seier Navarsete.

- Eg vil oppfordre kommunane til å leggje vekt på god folkevald styring og kontroll når dei etablerer ulike samarbeid, ikkje minst på så viktige område som helse og velferd, seier statsråden.

Kommunal- og regionaldepartementet sin pressetelefon: 22 24 25 00.