SIVA har fatta vedtak om kva miljø som er tekne opp i den nye nasjonale inkubasjonssatsinga. Hovudmålet med satsinga er auka verdiskaping ved at fleire gode idear blir utvikla til nye vekstbedrifter, samt å gje ny vekst i etablerte verksemder.

I ein inkubator får gründerar profesjonell hjelp til å utvikle si bedrift og sine idear. Dette inneber alt frå hjelp til forretningsutvikling, marknadsføring og mentorordningar til tilgang på kontorplass og støttefunksjonar. Inkubatorane er knytt opp mot eit universitets- eller høgskulemiljø eller eit tungt industrimiljø.

- Eg er svært nøgd med den nye satsinga. Nyskaping og utvikling av kunnskapsintensive bedrifter er viktig for å auke verdiskapinga i Noreg, seier kommunal- og regionalminister Liv Signe Navarsete. Inkubatorane er ein svært viktig del av verkemiddelapparatet vårt og kan syne til gode resultat så langt. Årleg spring om lag 150 nye bedrifter ut frå dei ulike inkubatormiljøa.

- I den nye inkubasjonssatsinga står profesjonalisering og kompetanseheving sentralt. Inkubasjon er eit målretta verkemiddel for å skape fleire levedyktige bedrifter, seier statsråd Navarsete.

- Det er knytt stor risiko til det å starte eiga verksemd. Det er difor viktig at det offentlege medverkar til å redusere risikoen for dei som satsar, og gjev dei all den støtta dei fortener, mellom anna gjennom fagleg rettleiing og tilgang til nettverk, seier statsråd Navarsete.

Følgjande miljø er tekne opp:

Fylke

Miljø

Troms

NorInnova (Tromsø)
Intek Lyngen

Nordland

Kystinkubatoren (Lovund)

 

Forskningsparken i Narvik

 

Inkubator Helgeland (Mosjøen, Mo og Sandnessjøen)

 

Kunnskapsparken Bodø

Nord-Trøndelag

Proneo (Verdal)

 

Kunnskapsparken Nord-Trøndelag (Steinkjer)

Sør-Trøndelag

Leiv Eiriksson Nyskaping (Trondheim)

 

Høgskolen i Sør-Trøndelag (del av Leiv Eiriksson Nyskaping)

 

Innovasjonssenter Gløshaugen (Trondheim)

Møre og Romsdal

Knudtzon Senteret (Kristiansund)

 

Molde Kunnskapspark

 

Ålesund Kunnskapspark

Sogn og Fjordane

Kunnskapsparken Sogn og Fjordane (Sogndal)

Hordaland

Nyskapingsparken (Bergen)

Rogaland

Ipark (Stavanger)

 

Ipark Dalane

Vest-Agder

Innoventus (Kristiansand)

Aust-Agder

Coventure (Grimstad)

Oppland

RISC/SECTOR Gjøvik Kunnskapspark

 

Lillehammer Kunnskapspark

Hedmark

Hedmark Kunnskapspark (Hamar og Kongsvinger)

Akershus

Campus Kjeller (Skedsmo)

Oslo

Forskningsparken (Oslo)


For fleire opplysningar om prosessen rundt opptak av inkubatorar i det nye programmet syner vi til SIVA si heimeside siva.no.

Kommunal- og regionaldepartementet sin pressetelefon: 22 24 25 00.