Rekordhøg folketilvekst over heile landet
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II
Utgjevar: Kommunal- og regionaldepartementet
Pressemelding | Dato: 16.12.2011
Førebelse tal frå SSB syner ei rekordhøg auke i folketalet i Noreg i 2011. Dersom prognosane held stikk, vil vi 1. januar 2012 berre mangle om lag 14 000 menneske før vi rundar 5 millionar innbyggjarar i landet. Målt i prosent, må vi attende til 1920 for å finne høgare vekst
Førebelse tal frå SSB syner ei rekordhøg auke i folketalet i Noreg i 2011. Dersom prognosane held stikk, vil vi 1. januar 2012 berre mangle om lag 14 000 menneske før vi rundar 5 millionar innbyggjarar i landet. Målt i prosent, må vi attende til 1920 for å finne høgare vekst.
Veksten kjem heile landet til gode. Prognosane syner at det vert vekst i folketalet i 315 av dei 430 kommunane i landet i 2011 (frå og med 2012 vil det vere 429 kommunar i landet). Dette er rekordhøgt. Prognosane syner vidare at det vert vekst i 100 av dei 177 minst sentrale kommunane i landet. Dette er og rekord, og vil til dømes vere 68 fleire enn i høve til 2006.
Samla sett vert det òg auke i folketalet i alle strok av landet for tredje året på rad. Innvandringa står for om lag to tredelar av veksten.
- Me ser at den positive utviklinga med vekst i befolkninga i heile landet held fram. Innvandringa betyr mykje for veksten i dei minste kommunane i Noreg. Eg gler meg over at veksten i befolkninga kjem i heile landet, frå storby til småsamfunn, seier kommunal- og regionalminister Liv Signe Navarsete.