Historisk arkiv

Rekordstor interesse for bustadpolitikken

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Kommunal- og regionaldepartementet

- Arbeidet med å hjelpe vanskelegstilte på bustadmarknaden må vere høgt prioritert og bli sett i samanheng med andre velferdstenester, sa statsråd Liv Signe Navarsete då ho opna den bustadsosiale leiarkonferansen Kommunal- og regionaldepartementet årleg arrangerer saman med KS.

- Arbeidet med å hjelpe vanskelegstilte på bustadmarknaden må vere høgt prioritert og bli sett i samanheng med andre velferdstenester, sa statsråd Liv Signe Navarsete då ho opna den bustadsosiale leiarkonferansen Kommunal- og regionaldepartementet årleg arrangerer saman med KS.

Årets tema er korleis den framtidige politikken kan hjelpe fleire til ein trygg heim. Til stades var ordførarar, rådmenn og andre kommunetilsette.

- Aldri før har oppslutnaden om konferansen vore større. Bustadsosialt arbeid er eit tema som engasjerer og som kommunane tek på alvor. Samstundes er det rom for betring, noko som alle må ta ansvar for, slår statsråd Navarsete fast.

Regjeringa har nyleg motteke ei offentleg utgreiing om den sosiale bustadpolitikken. Utgreiinga Rom for alle er no ute på høyring. Statsråd Navarsete nyttar årets konferanse til å få innspel til den komande stortingsmeldinga på feltet.

– I meldinga vil eg stadfeste kor viktig bustaden er som ein del av den breie velferdspolitikken. Då treng eg drahjelp frå dyktige medarbeidarar i kommunane, seier Navarsete.

Nye forpliktingar gjennom ny samarbeidsavtale
Gjennom ei ny samarbeidsavtale mellom regjeringa og KS om bustadsosialt arbeid skal vanskelegstilte på bustadmarknaden høgare opp på dagsorden.

Avtala inneber at Arbeidsdepartementet, Helse- og omsorgsdepartementet, Barne-, likestillings- og diskrimineringsdepartementet, Justisdepartementet og Kommunal- og regionaldepartementet forpliktar seg til å samarbeide med KS om dette gjennom administrative og politiske møte og drøftingar.
 
– Me kan berre lukkast gjennom innsats på tvers av ansvarsområde og nivå, seier statsråd Navarsete.

Kommunal- og regionaldepartementet sin pressetelefon: 22 24 25 00.