Føniks næringshage i Vestnes, Bølgen næringshage i Kristiansund og Aura næringshage i Sunndal og Nesset får tilbod om å delta i det nye næringshageprogrammet. Dette har Møre og Romsdal fylkeskommune og SIVA bestemt.

- Næringshageprogrammet er viktig fordi vi har tru på at samlokalisering av små bedrifter i eit tverrfagleg miljø kan stimulere til kreativitet og pågangsmot. Evalueringar har synt at dette er utviklande for dei etablerte bedriftene, men vi har og sett mange eksempel  på at det ut frå slike miljø veks nye idear òg nye bedrifter, seier kommunal- og regionalminister Liv Signe Navarsete
 
Hovudmål for det nye programmet skal vere auka verdiskaping, og det blir lagt vekt på innovasjon og å få fram fleire gründerar. Samlokalisering av små bedrifter i eit tverrfagleg miljø skapar auka verdiskaping, meirverdi, konkurransekraft og innovasjonar. Næringshagane medverkar til å trekkje til seg og rekruttere dyktige medarbeidarar til næringslivet i regionen.

Føniks næringshage, Vestnes
Føniks Næringshage er ein nyoppretta næringshage i Vestnes kommune. Næringshagen har sitt opphav i gründermiljøet på Daugstad i Vestnes kommune, kjent for mellom anna oppdrett av leppefisk. Næringshagen vil medverke til at kommunen får eit mindre konjunkturavhengig og meir kunnskapsbasert næringsliv. Miljøet har eit stort nettverk innan fiskeri og havbruk, kopla opp mot høgare utdanning og FoU.

Bølgen Næringshage As, Kristiansund
Bølgen Næringshage AS blei etablert i 2000 med mål om å utvikle Kristiansund innan nyetablering/entreprenørskap og kunnskapsintensiv tenesteytande verksemd. Bølgen AS samlokaliserar 29 ulike bedrifter i lokalmiljøet. Næringshagen skal vere eit innovasjonssenter på Nordmøre og medverke til nye næringar i eit petroleumsbasert næringsliv. Eigarane har lagt vekt på at Bølgen Næringshage skal ha ei aktiv rolle i lokalsamfunnet.

Aura Næringshage AS, Sunndal og Nesset
Næringshagane Sunndal og Nesset har gått saman om å etablere Aura Næringshage AS. Næringshagen skal vere eit knutepunkt for arbeid med nyskaping og bedriftsutvikling i Sunndal, Nesset og omkringliggjande kommunar.  Aura Næringshage har eit spanande bedriftsmiljø og veksande nettverk for kunnskapsintensive bedrifter. Sentralt står relasjonen til dei sterke industrimiljøa i Sunndal og Nesset. Fokusområda er IKT, opplevingsbasert næring og industrirelatert næring.

Regjeringa styrkte næringshageprogrammet i statsbudsjettet for 2012. Det gjer at fleire næringshagar kan delta. Det er stor interesse for og hard konkurranse om å få delta i det nye programmet.

SIVA har som mål å skape sterke utviklingsmiljø i heile landet. Fylkeskommunen har hovudansvaret for å leggje til rette for ei positiv næringsutvikling i eige fylke.

- Eg er difor svært nøgd med at det nye programmet no er kome i gang og ser positivt på det  tette samarbeidet  mellom fylkeskommunane og SIVA i gjennomføringa av programmet, seier statsråden.

Dei næringshagane som ikkje kjem med i denne runden får eit siste høve til våren, når den siste søknadsrunden blir gjort offentleg.

Kommunal- og regionaldepartementet sin pressetelefon: 22 24 25 00.