Tre nye næringshagar i Rogaland inn i nytt næringshageprogram
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II
Utgjevar: Kommunal- og regionaldepartementet
Pressemelding | Dato: 10.12.2011
Suldal vekst, Rogaland ressurssenter på Karmøy og Ryfylke næringshage på Finnøy får tilbod om å delta i det nye næringshageprogrammet. Dette har Rogaland fylkeskommune og SIVA bestemt.
Suldal vekst, Rogaland ressurssenter på Karmøy og Ryfylke næringshage på Finnøy får tilbod om å delta i det nye næringshageprogrammet. Dette har Rogaland fylkeskommune og SIVA bestemt.
- Næringshageprogrammet er viktig fordi vi har tru på at samlokalisering av små bedrifter i eit tverrfagleg miljø kan stimulere til kreativitet og pågangsmot. Evalueringar har synt at dette er utviklande for dei etablerte bedriftene, men vi har og sett mange eksempel på at det ut frå slike miljø veks nye idear òg nye bedrifter, seier kommunal- og regionalminister Liv Signe Navarsete
Hovudmål for det nye programmet skal vere auka verdiskaping, og det blir lagt vekt på innovasjon og å få fram fleire gründerar. Samlokalisering av små bedrifter i eit tverrfagleg miljø skapar auka verdiskaping, meirverdi, konkurransekraft og innovasjonar. Næringshagane medverkar til å trekkje til seg og rekruttere dyktige medarbeidarar til næringslivet i regionen.
Suldal vekst
Suldal Vekst AS blei etablert i 2010 som næringshage, innovasjons- og næringsutviklingsselskap i Suldal kommune. Næringshagen er samlokalisert med 13 bedrifter. Suldal Vekst As har gjennom si rolle som utviklingsaktør blitt ein viktig bidragsytar til å vidareutvikle attraktive næringsmiljø i Ryfylke som region. Ryfylke er prega av eit næringsliv med hovudvekt på små bedrifter. Suldal Vekst har særleg merksemd på reiseliv, mat, kultur og energi.
Rogaland ressurssenter, Karmøy
Rogaland ressurssenter blei etablert i 1989 på Karmøy. Rogaland ressurssenter har medverka til ei rekkje nyetableringar, og har systematisk bygd opp eit tilbod til små kunnskapsintensive bedrifter. I dag er 12 bedrifter samlokalisert i næringshagen. Rogaland ressurssenter har særleg kompetanse på energi, industri, rekruttering, design og kommunikasjon.
Ryfylket Næringshage, Finnøy
Ryfylke Næringshage (tidlegare Finnøy Næringshage) omfattar kommunane Finnøy og Rennesøy. Næringshagen samlokaliserar 20 bedriftar, som alle har ein tydeleg blå-grøn profil. Ryfylke Næringshage er difor allereie i dag eit kjent kompetansemiljø for landbruket, havbruket og reiselivet i kommunane. Næringshagen kan syne til fleire nyetableringar og målet er å bli eit blå-grønt kraft – og kompetansesenter i Ryfylke.
Regjeringa styrka næringshageprogrammet i statsbudsjettet for 2012. Det gjer at fleire næringshagar kan delta. Det er stor interesse for og hard konkurranse om å få delta i det nye programmet.
SIVA har som mål å skape sterke utviklingsmiljø i heile landet. Fylkeskommunen har hovudansvaret for å leggje til rette for ei positiv næringsutvikling i eige fylke.
- Eg er difor svært nøgd med at det nye programmet no er kome i gang og ser positivt på det tette samarbeidet mellom fylkeskommunane og SIVA i gjennomføringa av programmet, seier statsråden.
Dei næringshagane som ikkje kjem med i denne runden får eit siste høve til våren, når den siste søknadsrunden blir gjort offentleg.
Kommunal og regionaldepartementet sin pressetelefon: 22 24 25 00.