Historisk arkiv

Ynskjer nye Inderøy kommune til lukke

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgiver: Kommunal- og regionaldepartementet

Mosvik og Inderøy kommunar slår seg saman frå 1. januar 2012. - Eg vil gratulere innbyggjarane og lokalpolitikarane med det gode arbeidet som er lagt ned i samband med samanslåinga, seier kommunalminister Liv Signe Navarsete.

Etter samanslåinga vil det vere 429 kommunar i Noreg.

Kongen i statsråd vedtok 10. november 2010 samanslåing av Mosvik kommune og Inderøy kommune. Nye 1756 Inderøy kommune får om lag 6700 innbyggjarar. Kommunestyret skal ha 31 representantar. Dei blei valde ved valet hausten 2011.

- Denne samanslåinga er eit godt døme på korleis ein god og ryddig samanslåingsprosess kan gjerast. Innbyggjarane har fått sagt si meining. Frivilligheita har vore heilt avgjerande for å få til dette, seier Navarsete.

Kommunane har gjennom gode prosessar dei seinaste åra lagt til rette for samanslåinga. Fylkesmannen i Nord-Trøndelag har hjelpt kommunane undervegs i prosessen.

I 2010 styrka regjeringa støtta til kommunar som slår seg saman. Dei får no dekka alle dei kostnadane som er naudsynt for å få på plass ei samanslåing. Mosvik og Inderøy fekk utbetalt 14,6 millionar kroner. Nye Inderøy kommune vil etter samanslåinga få eit inndelingstilskot på 16,2 millionar kroner. Dette skal kompensere for tapet av eit basistilskot og eit småkommunetilskot. Kommunen vil få fullt tilskot til og med 2026 før tilskotet blir trappa ned dei følgjande fem åra.


Kommunal- og regionaldepartementet sin pressetelefon: 22 24 25 00.