Historisk arkiv

Revidert nasjonalbudsjett 2012

145 millionar ekstra etter ekstremværet Dagmar

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Kommunal- og regionaldepartementet

Regjeringa gir 145 millionar kroner i ekstra skjønsmidlar til flaumramma kommunar og fylkeskommunar. – Me vil hjelpe med delar av dei ekstra utgiftene deira, seier kommunal- og regionalminister Liv Signe Navarsete.

- Ekstremværet Dagmar ramma spesielt vestlandskysten i romjula 2011. Flaumen og uværet gjorde stor skade på kommunal og fylkeskommunal infrastruktur. Både kommunar og fylkeskommunar fekk store og uventa utgifter på grunn av uværet. Me vil bidra med ein delvis kompensasjon for desse utgiftene, seier Navarsete.

Difor foreslår regjeringa å sette av 145 millionar kroner ekstra i skjønnsmidlar i revidert nasjonalbudsjett for 2012. Kommunal- og regionaldepartementet kan slik gje kommunar og fylkeskommunar ein delvis kompensasjon for deira ekstraordinære utgifter etter naturskade.

Kommunar kan søkje Fylkesmannen om skjønnsmidlar, medan fylkeskommunane kan sende søknad direkte til Kommunal- og regionaldepartementet.

Kommunal- og regionaldepartementet sin pressetelefon: 22 24 25 00.