Historisk arkiv

32 millionar kroner til bulyst i 2012

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Kommunal- og regionaldepartementet

Det er no klart for ny utlysing av midlar til lokale og regionale bulystprosjekt. Satsinga er inne i sitt tredje år, og skal gå fram til 2013.

Det er no klart for ny utlysing av midlar til lokale og regionale bulystprosjekt. Satsinga er inne i sitt tredje år, og skal gå fram til 2013.

- Me ser at det er stor interesse for lokalt utviklingsarbeid. Dette er eit arbeid som det er svært viktig å støtte opp om, seier kommunal- og regionalminister Liv Signe Navarsete.

Erfaringar frå den tidlegare småsamfunnssatsinga og bulyst syner at slike nasjonale satsingar verkar. Bulystmidla engasjerer og motiverer til å drive lokalt utviklingsarbeid og er eit viktig supplement til andre tiltak i distrikts- og regionalpolitikken.

- Det skjer svært mykje positivt i norske bygder. 79 spanande bulyst-prosjekt er alt sett i gang. Eg gler meg til å sjå kva nye søknader som kjem i samband med utlysinga no i år, seier statsråden.

Ved å gå inn på www.distriktssenteret.no sine sider kan ein få eit godt innblikk i prosjekta som har fått midlar tidlegare. Eit viktig delmål i satsinga er å samle og formidle kunnskap om kva som bidreg til attraktive lokalsamfunn.

- I utlysinga for 2012 fokuserer vi sterkt på prosjekt som legg til rette for integrering av innvandrarar til distriktsområde, i tillegg til ungdoms- og tilflyttingsprosjekt. Vi treng fleire hender og flinke folk i åra framover, og for mange bygdesamfunn vil nye tilflyttarar vere ein positiv tilvekst, avsluttar statsråd Navarsete.