Historisk arkiv

400 000 kroner til Numedalsutvikling IKS

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Kommunal- og regionaldepartementet

Lokale og regionale parkar over heile landet får no midlar frå Kommunal- og regionaldepartementet til å satse på bærekraftig bruk av natur- og kulturverdiar i lokal bygdeutvikling. - Me har fått inn mange gode søknadar, og ”Regionalpark Numedal- saman står vi sterkare” er eit av prosjekta som får støtte, seier kommunal- og regionalminister Liv Signe Navarsete.

Lokale og regionale parkar over heile landet får no midlar frå Kommunal- og regionaldepartementet  til å satse på bærekraftig bruk av natur- og kulturverdiar i lokal bygdeutvikling. - Me har fått inn mange gode søknadar, og ”Regionalpark Numedal- saman står vi sterkare” er eit av prosjekta som får støtte, seier kommunal- og regionalminister Liv Signe Navarsete.

Verdiskapingsprogrammet for lokale og regionale parkar skal bidra til å fremje levande bygdesamfunn gjennom heilskapleg stad- og næringsutvikling i område med særskilde natur- og kulturverdiar.

Målet for prosjektet er å gjennomføre ei forstudie for å finne ut korleis samarbeidsmodellen park kan utløyse auka verdiskaping i allereie eksisterande samarbeid. Med forankring i Den europeiske landskapskonvensjonen, er målet med parkkonseptet å fremje økonomisk verdiskaping gjennom berekraftig foredling av lokale ressursar og styrking av lokale produkt og tenester. I forstudien ynskjer ein å velje ut nokre konkrete samarbeidsområde, og sjå nærare på kva parkmodellen kan bidra til, med tanke på auka verdiskaping. 

- Numedal er eit spanande område med mykje særpreg, stort initiativ og engasjerte innbyggjarar. Her finns store delar av Hardangervidda nasjonalpark, Trillemarka naturreservat og randsonene rundt desse. Numedal har ein rik kulturarv frå middelalderen. Fordi Numedal har lang tradisjon for regionalt samarbeid, samt at det er engasjement for ideen lokalt og regionalt, vert det spanande å sjå kva dei kjem fram til i forstudien, seier kommunal- og regionalminister Liv Signe Navarsete. 

- Me ynskjer at verdiskapingsprogrammet skal ha overføringsverdi for fleire, og legg også vekt på kommunikasjon og erfaringsutveksling. Dette gjeld både for parkar som er godt etablerte, men også for parkar som er under etablering. Me ynskjer at dei parkane som no får støtte kan utvikle seg til å bli ei kjelde til inspirasjon og kunnskap for andre som er interessert i park som modell for bygdeutvikling, seier Navarsete.

Kommunal- og regionaldepartementet sin pressetelefon: 22 24 25 00.