Historisk arkiv

Statsbudsjettet 2013

6,8 milliardar kroner meir til kommunesektoren

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Kommunal- og regionaldepartementet

- I 2013 vil kommunane disponere over 400 milliardar kroner. Av desse er over 300 milliardar kroner frie inntekter. Det skal gje innbyggjarane enda fleire trygge og gode tenester i kvardagen, seier statsråd Liv Signe Navarsete.

- I 2013 vil kommunane disponere over 400 milliardar kroner. Av desse er over 300 milliardar kroner frie inntekter. Det skal gje innbyggjarane enda fleire trygge og gode tenester i kvardagen, seier statsråd Liv Signe Navarsete.

Regjeringa gjer framlegg om at kommunane får ein reell inntektsvekst på 6,8 milliardar kroner i 2013. Fem milliardar av desse kjem som frie inntekter. Veksten i frie inntekter skal mellom anna dekkje meirutgiftene kommunane får som følgje av at folketalet aukar.

- Regjeringa har høg tillit til kommunane. Difor får dei over fem milliardar kroner meir i frie inntekter i  2013. Samstundes er det ikkje sjølvsagt at Noreg går så godt som det gjer. Uvissa i verdsøkonomien og Eurosona har ikkje blitt mindre. Difor må kommunane hushaldere godt og bu seg på at det kan kome dårlegare tider, seier Navarsete.

Det er fyrste gong inntekta til kommunane er på meir enn 400 milliardar kroner.

- Sidan de raudgrøne regjeringa tok over, har lokal velferd vore ei av det viktigaste satsingane våre. Vi snudde ein lang trend med smalhans i kommunane. Det har gitt rom for god samfunnsutvikling. År for år har vi sytt for fleire lærarar, sjukepleiarar og andre som gjev folk gode velferdstenester kvar dag, seier Navarsete.

Regjeringa legg til rette for særskilt styrking av fleire kommunale tenesteområde. I tillegg til veksten i frie inntekter, gjer regjeringa framlegg om auka løyvingar til mellom anna:

  • nominell vidareføring av maksimalpris i barnehage
  • opptrapping av minimumstilskotet til ikkje-kommunale barnehagar
  • kommunalt barnevern
  • kulturskuletilbod i skulefritidsordninga
  • valfag på ungdomstrinnet
  • rentekompensasjonsordninga for bygging og opprusting av skule- og symjeanlegg
  • dagtilbod for menneske med demens
  • investeringstilskot til sjukeheimsplassar og omsorgsbustader
  • sikring av barn i skulebuss
  • påskjøningsordninga for betre kollektivtransport og mindre bilkøyring i byområda
  • rentekompensasjonsordninga for transporttiltak i fylka (investeringar i veg og kollektivtransport)

Detaljar kring desse satsingane, finn ein under budsjetta til dei forskjellege fagdepartementa.

Fylkesvis fordeling

Kommunal- og regionaldepartementet sin pressetelefon: 22 24 25 00.