Historisk arkiv

1,9 milliardar kroner meir til Oslo neste år

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Kommunal- og regionaldepartementet

Statsbudsjettet 2013

Fordelinga av dei frie inntektene for Oslo i 2013, og den nominelle veksten i frie inntekter frå RNB 2012 til 2013.

Tabellen syner fordelinga av dei frie inntektene for Oslo i 2013, og den nominelle veksten i frie inntekter frå RNB 2012 til 2013.

I revidert nasjonalbudsjett 2012 blei skatteinntektene til kommunesektoren i 2012 oppjustert med 2,3 milliardar kroner. Meirskatteveksten er anslått til 1 870 millionar kroner for kommunane og 430 millionar kroner for fylkeskommunane. Dette er varige inntekter som blir vidareført i 2013. Tabellen syner anslag på fordelinga av desse inntektene. Skatteanslaget for 2012 er ytterlegare oppjustert med 2,6 milliardar kroner no i statsbudsjettet. Desse pengane blir ikkje vidareført neste år og synes ikkje i tabellen.

Sjå også forklaringar under tabellen.

 

 

Fordeling av meirskatte-vekst 2012

Anslag på frie inntekter 2013

Anslag på vekst RNB 2012-2013

Vekst frå RNB 2012-2013

 

(mill. kr)

(1 000 kr)

(1 000 kr)

(prosent)

 

1

2

3

4

 

 

     

Oslo

307,3

34 448 647

1 923 554

5,9

 

Tabellforklaring

Fyrste kolonne:
Syner anslag på meirskattevekst i RNB målt i millionar kroner i 2012. Anslaga på fordelinga av meirskatteveksten i 2012 er usikre, og tek utgangspunkt i fordelinga av skatt i 2011, framskrive med innbyggjartalet i 2012. I skatteanslaget er anslag på skatteutjamning inkludert.

Andre kolonne:
Syner anslag på kor mykje kvar kommune får i frie inntekter i 2013, målt i 1000 kroner.

Tredje kolonne:
Syner anslag på kor mykje meir pengar kvar kommune får rekna frå RNB 2012 til nasjonalbudsjettet 2013. Veksten er korrigert for endringar i kommunanes oppgåver.

Fjerde kolonne:
Syner veksten målt i prosent. Dei nominelle veksttala for einskildkommunar skal også dekkje pris- og lønsauke frå 2012 til 2013. Denne er rekna til 3,30 prosent.