Stadig fleire lokalbutikkar i distriktet satsar på sal av bensin og diesel. Heile 26 drivstoffanlegg har fått tilsegn om investeringsstøtte gjennom regjeringa si  nye ordning med drivstofftilskot.

Regjeringa har i 2012 sett av 21 millionar kroner til drivstofftilskot gjennom Merkur-programmet, eit utviklingsprogram for bygdebutikken.

Betre tenestetilbod i distrikta
- Gode grunnleggjande tenester i heile landet er ei viktig målsetting i distrikts- og regionalpolitikken. For mange distriktsbutikkar er sal av drivstoff ein viktig tilleggsfunksjon. Daglegvarehandel og drivstoffhandel er tenester som saman gir sterkare lokale servicesentra. Eg er glad for at denne ordninga styrkar det samla tenestetilbodet i distrikta, seier kommunal- og regionalminister Liv Signe Navarsete.

Få fleire bein å stå på
Ordninga med statlege tilskot til drivstoffanlegg vart innført i januar i år. Målsettinga er å sikre folk i distrikta rimeleg tilgang på drivstoff, utan å måtte køyre til nærmaste tettstad.

- Det er òg eit mål at mindre butikkar skal få fleire bein å stå på, slik at dei kan overleve i den harde konkurransen mot større butikkar i sentrum, seier statsråd Navarsete.

Aukande interesse for ordninga
Så langt har det vore størst interesse for den nye ordninga i Sogn og Fjordane, Nordland og Troms. Samstundes har talet på søknader har vore stigande utover våren og forsommaren. Anlegg lokalisert til Merkur-butikkar og stader der avstandane til næraste drivstofftilbod er lange vert prioriterte når støtta skal fordelast.

Ingen søknadsfrist
Det er ingen søknadsfrist når det gjeld tilskot gjennom Merkur-programmet. Søknadene blir handsama etter kvart som dei kjem inn.

 

Kommunal- og regionaldepartementet sin pressetelefon: 22 24 25 00.