Distriktssatsinga i Innovasjon Noreg
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II
Utgjevar: Kommunal- og regionaldepartementet
Pressemelding | Dato: 25.04.2012
Kommunal- og regionaldepartementet legg ut eit oversyn over kva gründerar og bedrifter får av støtte gjennom Innovasjon Noreg si satsing på næringsutvikling i distrikta.
Kommunal- og regionaldepartementet legg ut eit oversyn over kva gründerar og bedrifter får av støtte gjennom Innovasjon Noreg si satsing på næringsutvikling i distrikta.
Oversynet viser kven som får lån og tilskot, fordelte på fylke, kommune, bedrift og type verkemiddel. Den vil bli oppdatert annakvar veke.
- Sjå oversikta for veke 16 [ pdf ] [ Odf ]
- Sjå oversikt over tidlegare løyvingar
Bakgrunn
Innovasjon Noreg skal fremje bedrifts- og samfunnsøkonomisk lønsam næringsutvikling i heile landet. Kvart år forvaltar Innovasjon Noreg ein stor del av Kommunal- og regionaldepartementet sine næringsretta verkemiddel. Dette er pengar som skal gå til utvikling av konkurransedyktige bedrifter i distrikta.
Viktig rolle
- Innovasjon Noreg har ei viktig rolle i distrikts- og regionalpolitikken. Innsatsen til Innovasjon Noreg skal bidra til nyskaping i næringslivet og utvikling i distrikta, seier kommunal- og regionalminister Liv Signe Navarsete.
Ulike føresetnader
- Ulike deler av landet har ulik næringsstruktur og ulike føresetnader for å kunne fornye seg og vekse. Innovasjon Noreg og fylkeskommunane kjenner det lokale næringslivet og samarbeider om å tilpasse tilbodet til behovet i kvart fylke, seier Navarsete.
- Oversyn over alle Innovasjon Noreg sine vedtak om finansiering
- Kommunal- og regionaldepartementet sitt oppdragsbrev til Innovasjon Noreg (pdf).
Det er Innovasjon Noreg sine 15 distriktskontor over heile landet som handsamar søknadene om støtte.
Kommunal- og regionaldepartementet sin pressetelefon: 22 24 25 00.