Historisk arkiv

Evalueringa frå e-valsforsøket er klar

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Kommunal- og regionaldepartementet

Evalueringa av forsøket med internettrøysting i ti kommunar ved valet hausten 2011 er no klar. - Rapportane gjev oss verdifull kunnskap. Dei er viktige når vi skal vurdere framtida for e-val i Noreg, seier statsråd Liv Signe Navarsete.

Evalueringa av forsøket med internettrøysting i ti kommunar ved valet hausten 2011 er no klar. - Rapportane gjev oss verdifull kunnskap. Dei er viktige når vi skal vurdere framtida for e-val i Noreg, seier statsråd Liv Signe Navarsete.

I evalueringa har dei eksterne forskingsmiljøa sett på fleire aspekt ved e-valet. Dei tek mellom anna opp om forsøket gjekk rett føre seg og om det var i tråd med internasjonalt regelverk og standardar. Ein samla sluttrapport frå evalueringa blir lagt fram på eit ope seminar på Litteraturhuset 12. september.

Veljarane i forsøkskommunane hadde høg tillit både til valgjennomføringa generelt og til sjølve e-valforsøket. 92 prosent av dei med røysterett i forsøkskommunane, meiner det bør vere mogleg å røyste via Internett ved val i Noreg. At så mange valde å røyste elektronisk, viser også at det var høg tillit til forsøket. 72,4 prosent av dei som førehandsrøysta i forsøkskommunane, valde å røyste via Internett i staden for på papir. Det var ikkje mogleg å røyste via Internett på sjølve valdagen.

Eit viktig mål for forsøket var å auke tilgjenge for alle veljarane. 95 prosent av dei som røysta via Internett syntes dette var ein enkel og praktisk måte å røyste på. Evalueringa viser at også personar med nedsett funksjonsevne ønskjer e-val. Mange av desse kunne røyste utan hjelp for første gong.

- No skal vi lese rapportane nøye. Regjeringa vil melde tilbake til Stortinget om forsøket i ein proposisjon i løpet av hausten 2012. Fram til då vil vi vurdere om - og eventuelt korleis - forsøket skal følgjast opp , seier Liv Signe Navarsete.

Kommunal- og regionaldepartementet sin pressetelefon: 22 24 25 00.