Historisk arkiv

Forskarar presenterte resultata frå e-valforsøket

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Kommunal- og regionaldepartementet

Institutt for samfunnsforsking (ISF) la fram sluttrapporten frå evalueringa av forsøket med e-val på eit seminar 12. september 2012. –Rapporten vil gje oss grunnlag for å vurdere om veljarar skal ha høve til å røyste elektronisk i framtida, seier statsråd Liv Signe Navarsete.

Institutt for samfunnsforsking (ISF) la fram sluttrapporten frå evalueringa av forsøket med e-val på eit seminar 12. september 2012. – Rapporten vil gje oss grunnlag for å vurdere om veljarar skal ha høve til å røyste elektronisk i framtida, seier statsråd Liv Signe Navarsete.

Forskarane har undersøkt ulike sider av forsøket med internettrøysting i 2011. Veljarane i ti kommunar kunne då røyste via Internett som eit alternativ til å røyste på papir. Det var berre mogleg å røyste over Internett i førehandsperioden.

Sluttrapporten samanfattar dei viktigaste funna frå delevalueringane som kom i juni. Den ser også nærare på dei demokratiske effektane av forsøket med internettrøysting.

- No skal regjeringa gå grundig gjennom evalueringane. Seinare i haust legg vi fram ein proposisjon med våre anbefalingar til Stortinget. Der vil vi også vurdere om det er aktuelt med vidare forsøk, seier Navarsete.