Historisk arkiv

Fortsatt stor auke i folketalet

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Kommunal- og regionaldepartementet

Tal frå SSB for folketalsutviklinga i tredje kvartal 2012 syner at den store auken i folketalet i Noreg held fram.

Tal frå SSB for folketalsutviklinga i tredje kvartal 2012 syner at den store auken i folketalet i Noreg held fram.

Hittil i år har 301 av 429 kommunar har hatt vekst i folketalet. Dette er sju færre enn i fjor, men det nest høgste talet for dei tre første kvartala dei siste femten åra.

Alle fylka har hatt vekst i folketalet. I det distriktspolitiske verkeområdet har 181 av 305 kommunar hatt vekst. Det er om lag på same høge nivå som ein har hatt dei tre siste åra. For fjerde år på rad har dei minst sentrale kommunane i landet har hatt ei samla auke i folketalet dei tre første kvartala. Folketalet i Noreg per første oktober 2012 var drygt fem millionar og trettiåtte tusen.


Flyttestraumane går i fleire retningar, til dømes frå sør til nord, byområde til distrikt og omvendt. Ofte er flyttestraumane jamstore, sjølv om nettotala skulle vere negative.

– Eg gler meg over at veksten i befolkninga kjem i heile landet, frå storby til småsamfunn, seier  statssekretær Anne Beathe Kristiansen Tvinnereim i Kommunal- og regionaldepartementet.

Innvandringa stod for 71 prosent av veksten på landsbasis dei tre første kvartala. Takka vere innvandringa, fekk heile 120 av kommunane i det distriktspolitiske verkeområdet positive tall i staden for negative dei tre første kvartala i 2012.

– Me ser at den positive utviklinga med vekst i befolkninga i heile landet held fram. Innvandringa betyr mykje for veksten, særleg i mindre kommunar i Noreg, seier statssekretæren.

Kommunal- og regionaldepartementet sin pressetelefon: 22 24 25 00.