Historisk arkiv

Framleis stor auke i folketalet

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Kommunal- og regionaldepartementet

Den store auken i folketalet i Noreg held fram, viser SSB sine tal for andre kvartal 2012. Heile 298 av 429 kommunar har hatt vekst i folketalet i andre kvartal.

Den store auken i folketalet i Noreg held fram, viser SSB sine tal for andre kvartal 2012. Heile 298 av 429 kommunar har hatt vekst i folketalet i andre kvartal.

– Eg gler meg over at veksten i befolkninga kjem i heile landet, frå storby til småsamfunn, seier kommunal- og regionalminister Liv Signe Navarsete.

Alle fylka har hatt vekst i folketalet med unntak av Oppland. Der var det ein liten nedgang. I det distriktspolitiske verkeområdet hadde 183 av 305 kommunar vekst. Det er om lag på same høge nivå som ein har hatt dei tre siste åra. For femte år på rad har dei minst sentrale kommunane i landet hatt ei samla auke i folketalet i andre kvartal. Folketalet i Noreg per første juli 2012 var drygt fem millionar og sytten tusen.

Flyttestraumane går i fleire retningar, til dømes frå sør til nord, byområde til distrikt og omvendt. Ofte er flyttestraumane jamstore, sjølv om nettotala skulle vere negative.

Innvandringa stod for snautt 65 prosent av veksten på landsbasis i andre kvartal. Om lag 70 av kommunane i det distriktspolitiske verkeområdet kan takke innvandringa for positiv folkevekst i staden for negativ i andre kvartal i 2012.

– Me ser at den positive utviklinga med vekst i befolkninga i heile landet held fram. Innvandringa betyr mykje for veksten, særleg i dei minste kommunane i Noreg, seier Navarsete.

Kommunal- og regionaldepartementet sin pressetelefon: 22 24 25 00