Historisk arkiv

Fyller på Husbankramma med fem milliardar kroner

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Kommunal- og regionaldepartementet

- Det er særs stor etterspurnad etter lån frå Husbanken. Regjeringa vil innan kort tid gjere framlegg om å auke låneramma i inneverande år frå 15 til 20 milliardar kroner, seier statsråd Liv Signe Navarsete.

- Det er særs stor etterspurnad etter lån frå Husbanken. Regjeringa vil innan kort tid gjere framlegg om å auke låneramma i inneverande år frå 15 til  20 milliardar kroner, seier statsråd Liv Signe Navarsete.

- Låna i Husbanken er viktige både i distrikta og i byane. For å kunne påverke byggkvalitetane og bidra til den auka bustadbygginga, fyller vi på låneramma med fem milliardar kroner i år, seier Navarsete.

Husbanken gjev lån for å sikre bustadetablering for unge og vanskelegstilte og for å fremje kvalitetar som energieffektivisering og universell utforming i bustader og bygg.  Det blir også gjeve lån til bygging av barnehagar. Det har vore ei auke i talet på startlån frå Husbanken. Dette er eit resultat av eit godt samarbeid mellom Husbanken og kommunane.

Sjølv om talet på bygde bustader aukar, er det framleis eit stort behov for fleire nye bustader. Noregs befolkning blir i gjennomsnitt eldre i dei næraste åra. Difor treng vi bustader med god standard. Regjeringa vil at aktiviteten i bustadbygginga framleis skal auke og at bustadene skal vere av så høg kvalitet at folk kan nytte dei i lang tid. Dette blir støtta ved å auke låneramma i 2012, seier Navarsete.

 Kommunal- og regionaldepartementets pressetelefon: 22 24 25 00