Grong er ein av 12 kommunar som får å ta del i den nye treårige satsinga ”Bustadetablering i distrikta”. 

- Det har vore krevjande  å plukke ut dei beste av 82 søknadar. At heile 82 kommunar søkte om å ta del i satsinga syner at ”Bustadetablering i distrikta”  både er eit attraktiv og viktig tiltak, seier kommunal- og regionalminister Liv Signe  Navarsete.

”Bustadetablering i distrikta” er ei treårig satsing. I 2012 er det sett av 20 millionar kronar til satsinga. Husbanken har ansvar for koordinering. 

- Målet er å auke bustadtilbodet i distrikta. Nokre stader er bustadmarknadene små og usikre. Andre plassar manglar det bustader. Kommunar kan ha arbeidsplassar, men ikkje bustader til tilflyttarar. Tilskot til bustadetablering vil gjere det lettare å rekruttere kompetanse til slike kommunar, seier Navarsete.

I Grong kommune har folketalet lenge minka. Trenden er no snudd og talet har auka dei siste åra. Det skuldast mellom anna busetjing av flyktningar. Bustadmarknaden i kommunen er stram og det er få private aktørar som driv bustadutvikling.

Kommunen sitt mål for å vere med i satsinga er å hindre fråflytting og auke folketalet for å oppretthalde og utvikle tilboda i kommunen. Kommunen er i gong med å skipe eit bustadkontor. Dessutan har dei planar om tiltak for å auke folketalet. Mellom anna vil dei tilby gratis tomter.

Kommunal- og regionaldepartementet sin pressetelefon: 22 24 25 00