Herøy kommune med i satsinga ”Bustadetablering i distrikta”
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II
Utgjevar: Kommunal- og regionaldepartementet
Pressemelding | Dato: 24.04.2012
Herøy er ein av 12 kommunar som får å ta del i den nye treårige satsinga ”Bustadetablering i distrikta”.
Herøy er ein av 12 kommunar som får å ta del i den nye treårige satsinga ”Bustadetablering i distrikta”.
- Det har vore krevjande å plukke ut dei beste av 82 søknadar. At heile 82 kommunar søkte om å ta del i satsinga syner at ”Bustadetablering i distrikta” både er eit attraktiv og viktig tiltak, seier kommunal- og regionalminister Liv Signe Navarsete.
”Bustadetablering i distrikta” er ei treårig satsing. I 2012 er det sett av 20 millionar kronar til satsinga. Husbanken har ansvar for koordinering.
- Målet er å auke bustadtilbodet i distrikta. Nokre stader er bustadmarknadene små og usikre. Andre plassar manglar det bustader. Kommunar kan ha arbeidsplassar, men ikkje bustader til tilflyttarar. Tilskot til bustadetablering vil gjere det lettare å rekruttere kompetanse til slike kommunar, seier Navarsete.
Frå 2007 til 2009 fekk Herøy mange nye arbeidsplassar i oppdrettsnæringa, men folketalet auka likevel ikkje. Kommunen laga då ein plan for å auke busetjinga. Resultata har kome raskt. Dei to siste åra har kommunen fått mange nye innbyggjarar. Sjølv om utviklinga går rett veg, er det framleis utfordringar med å få etablert fleire rimelege bustader for tilflyttarar.
Kommunal- og regionaldepartementet sin pressetelefon: 22 24 25 00