Hitra kommune med i satsinga ”Bustadetablering i distrikta”
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II
Utgjevar: Kommunal- og regionaldepartementet
Pressemelding | Dato: 23.04.2012
Hitra er ein av 12 kommunar som får å ta del i den nye treårige satsinga ”Bustadetablering i distrikta”.
Hitra er ein av 12 kommunar som får å ta del i den nye treårige satsinga ”Bustadetablering i distrikta”.
- Det har vore krevjande å plukke ut dei beste av 82 søknadar. At heile 82 kommunar søkte om å ta del i satsinga syner at ”Bustadetablering i distrikta” både er eit attraktiv og viktig tiltak, seier kommunal- og regionalminister Liv Signe Navarsete.
”Bustadetablering i distrikta” er ei treårig satsing. I 2012 er det sett av 20 millionar kronar til satsinga. Husbanken har ansvar for koordinering.
- Målet er å auke bustadtilbodet i distrikta. Nokre stader er bustadmarknadene små og usikre. Andre plassar manglar det bustader. Kommunar kan ha arbeidsplassar, men ikkje bustader til tilflyttarar. Tilskot til bustadetablering vil gjere det lettare å rekruttere kompetanse til slike kommunar, seier Navarsete.
Hitra kommune opplever ei kraftig utvikling innan havbruk og andre næringar. Samstundes er det er få ledige bustader. Mange arbeidsinnvandrarar flyttar til kommunen og mange ønskjer å kjøpe bustad der. Innflyttinga har gitt ein auke i folketalet frå 4 021 innbyggjarar i 2006 til om lag 4 300 i 2011.
Kommunal- og regionaldepartementet sin pressetelefon: 22 24 25 00