Lanserer nytt valadministrativt system
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II
Utgjevar: Kommunal- og regionaldepartementet
Pressemelding | Dato: 12.04.2012
Alle norske kommunar får ved stortingsvalet hausten 2013 tilbod om eit heilt nytt valadministrativt system. – Vi tilbyr ei løysing som på sikt vil redusere kostnader og betre effektivitet i valgjennomføringa, seier kommunalminister Liv Signe Navarsete.
Alle norske kommunar får ved stortingsvalet hausten 2013 tilbod om eit heilt nytt valadministrativt system. – Vi tilbyr ei løysing som på sikt vil redusere kostnader og betre effektivitet i valgjennomføringa, seier kommunalminister Liv Signe Navarsete.
500 valmedarbeidarar frå heile landet får i dag og i morgon presentert det nye elektroniske valadministrasjonssystemet EVA. Systemet vart testa ut i nokre kommunar ved kommunevalet i haust. No skal det rullast ut til alle kommunar.
- Val er ein grunnstein i folkestyret vårt. Vi treng gode system som innbyggjarane har tillit til, seier Navarsete.
- Kommunal- og regionaldepartementet har utvikla EVA. Systemet blir eigd, drifta og forvalta av staten. Dette vil gje meir openheit og god demokratisk kontroll. Dessutan slepp kvar enkelt kommune kjøpe inn sitt eige system, seier statsråden.
Systemet vil ha funksjonar som er kjende frå andre slike system. Det skal kunne brukast til alt frå manntalsføring, å registrere og godkjenne listeforslag, oppteljing av røyster til valoppgjer, føring av valprotokollar og rapportering til media. Systemet opnar også for nye moglegheiter, som til dømes elektronisk avkryssing i manntalet Ein vil også kunne hente ut informasjon til veljarane om opningstider, vallokale og manntalsopplysingar.
Systemet blei utvikla til valet i 2011. Då blei det testa ut av dei ti e-val-kommunane i tillegg til Møre og Romsdal fylkeskommune. Erfaringane var gode. No blir systemet utvikla vidare slik at alle kommunar kan få tilbod om å bruke det. Og så ventar omfattande opplæring av valmedarbeidarar landet rundt.
Kommunal- og regionaldepartementet sin pressetelefon: 22 24 25 00