Historisk arkiv

Lokalpolitikarar liknar kvarandre

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Kommunal- og regionaldepartementet

Norske lokale folkevalde er svært like sine europeiske kollegaer. Men nordmennene skil seg noko ut likevel: Norske kommunestyremedlemmar er dei einaste som meiner at leiaren for administrasjonen har meir makt enn ordføraren.

Norske lokale folkevalde er svært like sine europeiske kollegaer. Men nordmennene skil seg noko ut likevel: Norske kommunestyremedlemmar er dei einaste som meiner at leiaren for administrasjonen har meir makt enn ordføraren.

Dette kjem fram i rapporten Norske kommunestyrerepresentantar i europeisk lys  frå Uni Rokkansenteret. 11 000 lokale folkevalde i 14 europeiske land blir samanlikna.

- Denne rapporten viser at lokaldemokratiet verkar ulikt  frå land til land. Den gir oss også eit grunnlag for å tenkje over om det er trekk ved lokaldemokratiet som kan bli betre. Dette skal vi ha med oss i vårt vidare arbeid for å utvikle lokaldemokratiet, seier kommunal- og regionalminister Liv Signe Navarsete.

Den gjennomsnittlege, europeiske kommunestyrepolitikaren er ein middelaldrande mann med høg utdanning. Og vedkommande meiner det er viktig for kommunen å trekkje til seg økonomisk aktivitet og å arbeide med å betre infrastrukturen.

Samanlikna med gjennomsnittet i Europa er dei norske politikarane mindre opne for tiltak som direkte ordførarval, bruk av folkerøystingar og former for medverknad frå innbyggjarane enn sine europeiske kollegar.

Dei nordiske lokalpolitikarane er meir opptekne av å sikre innbyggjarane gode tenester enn det representantar på kontinentet er. Deira kvardag er også meir dominert av partipolitikk og partipolitikarar enn i andre land i Europa. I dei nordiske kommunane oppfattar dei folkevalde seg klart som partirepresentantar som skal gjennomføre det partiprogrammet dei er valde på.

I Norden er lokale folkevalde mindre motiverte til å ta attval enn i resten av Europa. Dei trekkjer seg frå politisk arbeid fordi dei føler dei har gjort borgarplikta si og fordi det politiske arbeidet kjem i konflikt med deira vanlige arbeid. Dei trekkjer seg altså ikkje fordi dei er lei politisk arbeid.

 - Dette gjer at mange innbyggjarar får politisk erfaring og politisk kunnskap. Dette er i seg sjølv verdifullt for lokaldemokratiet vårt, seier Navarsete.

 KRD har gitt økonomisk støtte til gjennomføringa av undersøkinga.

 Kommunal- og regionaldepartementet sin pressetelefon: 22 24 25 00